Bygdekvinnelaget inviterte fredag til fredagsprat med kaffi og vaflar. Vaffeljernet steikte uvabrote i to timar, og ekstra stas vart det med uventa toradarspelarar som kom innom.
Dette er andre fredagskaffien Bygdekvinnelaget inviterer til, og allerie er ei lita gruppe "samgjestar" etablert. Dei er klare ved kaffibordet før første vaffel er steikt, og sit gjerne dei to timane som vaffelsteikinga pågår. I tillegg er det mange som kjem og går, med kortare stopp ved kaffiborda.
- Nett slik me ynskjer, dette er meint som ein hyggeleg og sosial møteplass for "kven som helst", seier damene i Bygdekvinnelaget.
Ekstra kjekt denne føremiddagen var mini-konserten med Eirik og Olav Rong. Friske takter framført av blide gutar, vart eit klart høgdepunkt. "Helsing til Turtagrø", "Askeladen" og "Bia litt" fylte butikken med gode tonar og godt humør!
Eirik fortel at brørne har spelt toradar i eit og eit halvt år. Gutane kjem frå Rong i Bordalen, og er hyttefolk i Fagerdalen. No har dei vore på haustferie på familiehytta der.
Fredagskaffi heldt fram:
Fredag 23.oktober, klokka 15 - 17
Fredag 6.november, klokka 11 -13