Ope møte om arealplan for Vaksdal kommune

Av Liv Anne tir 20.10.2026 - 07:23

Eksingedalen Bygdaråd inviterer til ope møte om arealplan for Vaksdal kommune.

Det er no oppstart for kommuneplanen sin arealdel for åra 2026-2040. Planen skal setja rammer for framtidig arealbruk og utvikling i kommunen. 

Fyrste høyring har frist 6.november, og det er om ein har innspel til rammene for planarbeidet. 

Knut Trefall, samfunnsplanleggjar i Vaksdal kommune, orienterer om planarbeidet, vidare prosess og høvet til å medverka og koma med innspel. 

Han vil også orientera kort om moglegheiter for minihus.

Staden er Grendhuset Ljosheim, klokka 20 onsdag 28.oktober.
Kom! 
For å bli informert og kunna påverka!