Ivrige unghundar

Av Magnar tir 27.10.2026 - 08:14

Å gjete 5 sauer gjennom ei løype med på kommando frå eigaren var oppgåva for hundane. Gjennom portar, rundt eigaren, inn i ei kve og å dela flokken på 5 og ha kontroll var oppgåva begge dagane. Alt skulle gjennomførast på mindre enn 12 minutt. Dommaren var plassert på altanen i andre etasje på butikken. Her hadde han god oversikt over løypa. For gjetaren som stod på bakken var det ikkje like enkelt. Arrangøren hadde lagt inn ein port som stilte krav til godt djubdesyn for å klare å kommandere hunden rett. Vind og ei låg sol som var reflektert i elva gjorde også oppgåva vanskelegare.
Kommandoane vart gjort med fløyte eller stemme. Nokon brukte begge delar. Frå ein sogning kom eit høgt og tydeleg "stao" for å få hunden til å slutte å bevege seg.
Konkurransen for hundar under 3 år gjekk over to dagar. Det vart delt ut premiar til dei seks beste i tevlinga både laurdag og søndag. Samanlagt poengsum for begge dagar avgjorde kven som vart kvalifisert til vidare konkurranse i eit større område.

Resultatlister: Prøver - Norsk Sau og Geit

Resultatliste dag 1 Lavik:NURSERY VEST PRØVE 1 - Google Regneark

Resultatliste samanlagt Lavik: Nursery REGION VEST PRØVE 2 - Google Regneark For å lese resultatet for dag 2 må du sjå under kolonna SUM 110. Vinnar dag 2 vart Ivar Haug med 92 poeng

Hunden ventar på å bli sendt ut for å hente sau.
Jobben har begynt. Eigaren står ved butikken i bakgrunnen.
Sauene som gjetast var samla ved startpunktet. Fem og fem vart losa til start av arrangøren.
Dei premierte laurdag
Dei premierte søndag
Det var fin utsikt til bana frå kaffikroken på butikken