Brød og beredskap!

Av Liv Anne man 02.11.2026 - 18:37
Oppveksttunet sytte for god bakst!

Fredag kunne ein verkeleg kosa seg med lunsj på høgde med hotellfrukost, i grendahuset Ljosheim. Oppveksttunet serverte ferske, velsmakande brød og rundstykke. Pålegg og drikke var eit spleiselag mellom Bygdekvinnelaget, Tine-produsentlag, Voss Bonde- og småbrukarlag og Eksingedalen/Vaksdal bondelag.

Ljosheim var duka og dekka, og bortimot 50 møtte til lunsjen. Det var Eksingedalen Bygdekvinnelag som inviterte til "Me bakar brød", som er landsomfattande tema for Norges Bygdekvinnelag i nasjonal beredskapsveke. 

Borna i barnehagen og elevane på skulen har alle bakt brød: Pinnebrød, haustrundstykke, blomsterrundstykke, potetbrød, grovbrød, grytebrød og surdeigsbrød. Korn har vore tema på oppveksttunet, og maling av heilkorn til bakemjøl vart demonstrert av barnehagen. 

Å mala korn har gjengen gjort før! Med stor iver og forteljarglede.
TINE-produsent Annika Nottberg Brønstad og leiar i Hordaland Bygdekvinnelag, Liv Kolskår, var to av dei som kosa seg denne føremiddagen.

 

Bygdefolk og andre var oppmoda om å stilla i uniform, for å markera Eksingedalen si rolle i lokalt og nasjonalt beredskap. Det vart ei fin samling av matprodusentar, bønder og bygdekvinner, heimevern, ordførar og røde kors.