Mykje kjekt i vente!

Av Liv Anne tir 23.10.2018 - 14:46

Når hausten kjem er Eksingedølane klare for sesongstart med organiserte aktivitetar; inne og ute.

FRILUFTSGRUPPA har oppstart torsdag 25.oktober kl 16.30 - og er for alle born/ungdommar i skulealder.
Stad: Gapahuken i Almane
Sjå kalenderen på sida for datoar framover.

ONSDAGSTRIM i gymsalen på skulen startar onsdag 31.oktober, kl 20.00. Er for alle frå 8.klasse og oppover! Det vert trim kvar onsdag framover.

STRIKKEKAFE i Ljosheim måndag 29.oktober kl 19.30: Innsamling av huer - og Liv Marion frå Garnsenteret som gjest.