Eksingedalen skule på programmet i Oslo

Av Frøydis ons 24.10.2018 - 18:41

Det er på ei samling for skulefolk frå heile landet at Liv Anne fekk lov å fortelje om skulen vår. Utdanningsdirektoratet er arrangør av samlinga, og skuleutviklingsarbeid står på programmet. Det var mykje folk i salen, mellom anna mange frå Vaksdal kommune.

Liv Anne vart utfordra til å snakke om korleis skulen arbeider tverrfagleg og framoverretta, med forankring i gjeldande styringsdokument og framover mot ny læreplan. 

Skal me tru tilsendt dokumentasjon, vart skulen presentert med rikeleg bruk av bilder og engasjert framlegging. Liv Anne pleier gjere grundige førebuingar. Rykta seier også at skulen ligg godt framme og at der var mange gode tilbakemeldingar.

Ein skule å vere stolt av - utan tvil!

Foto: Hege Eide Vik
Foto: Hege Eide Vik