Strikkahuer reddar liv

Av Liv Anne tir 30.10.2018 - 21:56

Ni år: 4 036 babyhuer til Malawi og Zanzibar. Og i tillegg mange, mange teppe, sokkar og «bodyar». Dette har damene i Eksingedalen, Eidsland og Modalen samla inn gjennom ni år. Alt er strikka i bygdene for å hjelpa nyfødde born til å halda varmen.

Strikkeprosjektet starta på årsmøtet til Eksingedalen kvinne- og familielag i februar 2009. Britt Eide, då jordmor på KK i Bergen og prosjektleiar for mor/ barn-prosjektet i Malawi, oppmoda om strikking til nyfødde. Ho hadde fleire gonger tidlegare fortald om uverdige forhold for fødande kvinner i Malawi der Haukeland hadde samarbeidsprosjekt med Bwaila sjukehus i Lilongwe. På grunn av mangel på tekstilar og klede vart mange nyfødde avkjølte, noko som kunne vera direkte livstruande.

Sidan den gongen har damene strikka - og strikka! Det har vore årleg strikkekafé med innsamling av huer sidan den tid. Dette viser stor solidaritet med kvinner og barn, frå våre bygder til Malawi og også seinare til Zanzibar.

Her er det snakk om direkte hjelp: Måndag vart huene samla inn, heile 826 denne gongen. Huene vert overleverte til internasjonal avdeling på Haukeland (AIS) torsdag denne veka. Camilla Skjelbred i AIS reiser til Zanzibar til helga, og tek huene med. Så mange av dei ho får plass til i kofferten! Huene vert så plasserte på lager i «Haukeland House» der personalet frå Haukeland bur medan dei er stasjonerte på Zanzibar. Dei tek så med seg passeleg porsjon med huer/klespakker og syter for at dette vert delt ut til mødrer med nyfødde born.

Damer med godt hjartelag!
"Handmade with love"
Veslemøy og Brita med sitt eige prosjekt: 115 nydelege pakker med hue, body og sokkar.

4 036 huer er imponerande tal! 

Damene i Modalen, Eksingedalen og Eidslandet gjer seg klare for meir strikking!
Avtalen er klar: Me møtast att i Ljosheim om eitt år. Då er det 10-årsjubileum for strikkeprosjektet.

 

«Dette er det nyttigaste og beste me kan gjera», sa Signy då ho gjekk.

 

Ei lita nyfødd jente på fødeavdelinga ved Mnazi Mmoja sjukehus på Zanzibar er kledd i ullhue og body, direktelevert frå Eksingedalen. 

Strikkeglade damer strikkar mykje. Difor er det ekstra stas når Liv Marion frå Garnsenteret på Voss kjem med massevis av garn i fine fargar, nye mønster og modellar. Læra dobbelstrikk var det også høve til. Og, når damene samlast er det kaffi, kaffimat og mykje lått og løye!

Triveleg og meiningsfull haustkveld i Ljosheim