Trimgjengen vil ha med fleire!

Av Liv Anne ons 31.10.2018 - 22:50
Seks trimmarar, inkludert fotografen


Første onsdagstrim er gjennomført! Som alltid to rundar sirkeltrening med påfølgjande volleyball for dei som vil det. Som det går fram av biletet, er det er god plass til fleire trimmarar! Berre seks av postane var opptekne i kveld. Ein kan melda om at alt gjekk bra, ingen skader på første treninga i år.

Styrketrening gjer godt, så møt opp. Kjekt er det også!