Fiber i vegg

Av Magnar tir 06.11.2018 - 22:50

Telenor

Me viser til brev som er utsendt til husstandar i nedre Eksingedalen, Vaksdal kommune, der det vert informert om at eksisterande breibandstilknytning via ADSL ikkje vil vera tilgjengeleg etter 31. oktober i år, og der det blir gitt tilbod om overgang til mobilt breidband. Eksingedalen bygdaråd stiller seg i utgangspunktet positive til eit meir stabilt tilbod på breiband enn det me har i dag, men me ser at mobilt breiband som einaste tilbod ikkje dekkjer behovet som finst.

Det vert gjeve tilbod om to løysingar i brevet, til ulik pris. Forskjellen er så langt me kan sjå berre i teoretisk bandbreidde. Begge tilboda er langt dyrare enn dagens ADSL – baserte løysing, og begge har ei avgrensing på 500GB/månad før bandbreidda vert redusert til 5MBPS. Så langt me kan sjå kan ikkje Telenor tilby mobilt breiband med større datapakker enn dette.

500GB er mykje, men det vil ikkje kunne dekka alle behov. Det tilsvarer om lag 80 timar med streaming i full HD kvar månad. Det er nok for dei fleste, men for ein stor familie der fleire bruker straumetenester samtidig, på mobilar, TV, PC og nettbrett, vil ein oppleva å gå tom for data kvar månad. Når grensa er nådd, vil ei bandbreidde på 5MBPS vera som ei naudløysing å rekna, og eit stort tilbakesteg i høve til dagens tilbod.

Me vil og påpeika at 4G ikkje vil vera ei fullgod løysing samanlikna med ADSL på enkelte tenester. Sjølv om mange vil oppleva at det dekker behov for nedlasting, surfing på nettet og videostrauming, så vil tenester som krever låg latency kunne verta vesentleg dårlegare. For dei av oss som ønskjer å jobba frå heimekontor kan dette verta eit problem. Me skal heller ikkje gløyma den yngre garde; onlinespeling krever også låg latency.

Med tanke på at det allereie går ein fiberkabel gjennom heile Eksingedalen der dei fleste husttandane kan kobla seg på uten stor investering (skulen er allereie kobla direkte på kabelen), og at det hjå svært mange finst vilje til å dekka heile eller deler av kostnaden med påkobling, stiller Eksingedalen bygderåd seg undrande til at det ikkje vert gjeve tilbod om fiber rett i vegg til dei husstandane det gjeld. Me ber om eit snarleg svar på om det vil koma eit slikt tilbod. Me ynskjer òg svar på om ADSL – tilbodet i resten av dalen er planlagt avvikla i nær framtid, og me ønsker ein dialog for at Eksingedalen skal få eit breibandstilbod som dekker alle behov i lang tid framover.

Håpar på snarleg svar og god dialog framover i høve breiband i dette området av Norge.