Konsert med "SOLKVERV"

Av Magnar man 10.12.2018 - 09:49

"SOLKVERV" held julekonsert i Nesheim kyrkje fredag 14. desember. Om innhaldet seier musikarane at det vert noko norsk tradisjonell julemusikk, folketonar , både norske og svenske. Av tekstar vil me kjenna att Alf Prøysen, Jakob Sande og Per Sivle.   Det vert også delvis kjende amerikanske jolasongar, samt musikk av Duke Ellington.

Kvartetten er kjent under namnet Voss Jazzkvartett. Skulle du sjå omtale der det står at Voss Jazzkvartett skal opptre i Nesheim kyrkje 14. desember er det altså denne konserten.

Inngangspris: kr. 150,- . Gratis for dei under 16 år. 

SOLKVERV : består av desse musikarane:

Irene Tillung, accordion. Utdanna ved Norsk musikkhøgskule, nylig nominert til Folklarmprisen osv,(også komponist) Dorthea  Bergo, song. Studerer ved Griegakademiet, har opphav frå Bergo i Eksingedalen ( bestefar), studert song i Trondheim, er med i Griegkoret Arnstein Klovning, bass. Rektor ved Granvin musikkskule. Lang fartstid som musikar,( spelt i  mange band fra tidleg 80 tal) Kåre   Nytun, gitar. Lang fartstid som musikar. 1 år studie frå Rytmisk Senter i København( spelt i mange band frå  midten av 70 talet)