Premiedryss på årsmøtet i Eksingedalen IL

Av Liv Anne lør 02.02.2019 - 18:14
Premiedryss!

Laurdagsgraut, biletkavalkade, premieutdeling og stipend til unge, aktive gutar opna årsmøtet til Eksingedalen IL. Mange har gått på tur dette året også: I alt 2 732 namn er registrert i bøkene til Fjelltrimmen. 23 medlemmar nådde målet om det årlege kruset! Elias Bergo var yngstemann som fekk krus, og vann også yngste klasse. Vegard Gullbrå Tollefsen vann ungdomsklassen, medan Haldis Øvstedal hadde høgaste poengsummen av alle. Dei under skulealder fekk småtrolldiplom. Ivrige skiløparar fekk distansemerke på ski, Nils på Nesheim var heidra  for lang og tru teneste - og Solfrid Urke Nese fekk krus for å ha teke idrettsmerke 20 gonger!   

Eksingedalen IL delte dette året ut stipend til to unge idrettskarar frå bygda: Håkon Øvstedal, 18 år, som trenar med Vossalangrenn og Vegard Gullbrå Tollefsen, 15 år, som spelar fotball på Dale. 

Stipend til Håkon og Vegard