Nasjonal utedag i Eksingedalen også!

Av Liv Anne søn 03.02.2019 - 20:09

Den Norske Turistforeninga inviterte søndag til ein dag UT i nærmiljøet, eit lågterskeltilbod med mål om fysisk aktivitet i friluft for alle. 40 000 deltok i Noreg, 44 av dei i Eksingedalen! Her var dagen eit samarbeid mellom Vaksdal Turlag og Eksingedalen IL. Skigruppa hadde laga skileikanlegg med kuleløype og hopp. Elles var deltakarar engasjerte i rebus  med både lette og vanskelege spørsmål, ulike aktivitetar på ski, prat og kos rundt bålet. 

Engasjerte folk, klare for stafett

Ein uhøgtideleg stafett engasjert mange.

- Uhøgtideleg? Ja!
- Konkurranseinnstilte? Ja! 

Aldersblanda lag, familielag og tilfeldige lag. Her fekk ein testa både samarbeidsevne, tålmod og takt. Å gå på ski saman med ein, der to bein var knytt saman eller vera tre på ei ski sette førte til både lått og løye! 

Dei frammøtte var i aldersgruppa 1 år - 79. Yngste dame riktignok sovande og godt nedpakka i reinsdyrskinn og ull i ein pulk. For andre var det godt å varma kalde bein rundt eit godt og varmt bål, pølsegrilling var bonus! 

I skiløypa på Nesheim er det fine forhold og gode spor - og mange nytta høvet til rundar der. Elles sosialt med bålkos, rikeleg med varm saft og god kaffi.