Tid for langrenn

Av Magnar tir 05.02.2019 - 10:50

Skigruppa i Eksinedalen IL har lagt planen for skirenn i Eksingedalen denne vinteren. Terminlista ser slik ut.

Terminliste langrenn vinteren 2019

•    Onsdag 20.02 Lysløyperenn/hovudlyktrenn i fri teknikk kl. 19.00. Bergo/Nesheim

•    Laurdag 02.03 Lagsmeisterskap klassisk stil på Nesheim kl. 13.00

  •    Laurdag 09.03 VM fri teknikk på Nesheim kl. 13.00

Det vil bli sendt ut påminning i forkant av arrangementa. Endeleg stad for kveldsrennet vil bli bestemt seinare. Eksingedalen IL, ski

Kveldsrennet 20. februar er planlagt å gå på Bergo i lysløypa. Skulle det bli vanskeleg å få laga god løype der, går rennet på Nesheim der me veit det er faste og fine løyper.  Det er full premiering på alle renn. Invitasjon til lagsmeisterskap og Vaksdalsmeisterskap vil bli sendt ut på e-post. Det vil også bli lagt ut informasjon på denne sida.