Vinterferiestart med påskekjensle

Av Liv Anne søn 24.02.2019 - 18:13
Øvst i Falkadalen mot Eksestølen

Turgruppa i Eksingedalen IL inviterte til skitur frå Ekse til Nesheim den første søndagen i vinterferien. Ein nydeleg dag, lettskya og solglytt innimellom. Varmen  i lufta og vatn alle stader minna om påsketida på mange måtar. Oppover stølslia mot Eksestølen høyrde ein kor de sildra og rann under snøen. Rann gjorde det oppå snøen også. Alle vatn og elver var blågrøne, og til å vera så høgt til fjells skulle ein tru det var sist i april. 

Lettar skydekket?

Utover Eksestjødna og forbi Lonane måtte løypa leggjast rundt opne elver. Det var lett å gå, men lite snø, så over høgdene og nedover måtte ein svinga rundt lyng i landskapet. 

Løypa ned mot Nesheimstølen var kreativ i høve open elv, ein stad måtte skia av og folket hoppa utfor ein liten skrent. Føret var utfordrande å skri i, iallfall for dei som ville svinga. 

 

 

Blid gjeng av Eksingedølar og hyttefolk var einige om at turen var strålande!

Så er det berre å håpa på snøfall før påske, elles spøkjer det for påsketurar i år. 

To mål i Fjelltimmen er nådd, som bonus på turen.