Årsmelding

Av Magnar søn 24.02.2019 - 21:33

Årsmelding skigruppa 2018

 

Magnar Nese, leiar. Olav Gullbrå, styremedlem. Ivar Bergo, styremedlem

 

I skigruppa har me halde oppe aktiviteten slik den har vore dei siste åra. Det var i år planen å ha kveldsrennet i lysløypa på Bergo. Dette fekk me ikkje til, store snømengder dei dagane me hadde som alternativ gjorde at rennet vart flytta til Nesheim. Og gjekk i kraftig snøvèr.

Me hadde skileik på Bergo i samband med årsmøte. Det var kaldt, men likevel godt oppmøte.

Me gjennomførte 5 arrangement: Hovudlyktrenn, lagsmeisterskap, skileik, og VM-friteknikk som skiarrangement. Renna vart avvikla på Nesheim. Fagerdalsløpet vart arrangert i samband med marknaden på Lavik. Styret har diskutert framtida til løpet, og vil koma med forslag til årsmøte.

Løypene på Nesheim vart også i år nytta av folk frå heile dalen, samt Modalen, Lindås og Masfjorden.

Det vart også arrangert 3-mil i langrenn på Nesheim skjærtorsdag, med stor deltaking. Dette er ikkje idrettslaget sitt arrangement, men har tatt med rennet i statistikken likevel.

Me kunne i år starta rulleskituren frå Eidslandet att. Turen vart dokumentert av Frøydis, som filma og tok bilete, frå sykkelen. Sjå turen her: Rulleski

Foto: Liv Anne Bergo

 

Deltaking renn 2018.

Renn

Deltakarar under 18 år

Deltakarar over 18 år

Totalt

2017

Skileik

10

8

18

15

Lagsmeisterskap

19

10

29(11 ikkje medl.)

31

Hovudlyktrenn

4

3

7

15

VM-langrenn Bergsdalen

?

?

?

3

VM-langrenn fri

22

11

33

50

3-mila

3

26

29

 

 

Håkon fortset på toppidrett, langrenn på Voss. Spennande å fylgje med på satsinga hans. Han deltek i renn i Hordaland, samt norgescuprenn for junior.

Laget betalar Gaute for løypekøyringa på Nesheim, og får dekka noko av utgiftene av Vaksdal idrettsråd.

Skigruppa vil retta ei stor takk til dei som er med og gjennomfører arrangementa. Tidtaking, kioskdrift, løypevakter og fotografering for lokalavisene og eksingedalen.no er alle viktige oppgåver for å gjennomføra gode renn

For styret, Magnar Nese