Interessert i forvaltning av rype og skogsfugl?

Av Liv Anne fre 01.03.2019 - 12:08
Rype. Foto Oliver Klose

«Ryper og skogsfugl; biologi, jakt og forvaltning – og kva kan gjerast lokalt»?

Torstein Storaas, professor ved Høgskulen i Innlandet, rypeforskar og kvemming, held innlegg på ope møte om forvaltning av rype og skogsfugl.  AKTUELLE TEMA:  •    Bestandsutvikling •    Naturlege svingingar •    Predasjon og tydinga av jakt •    Aktuelle forvaltningstiltak og verknaden av lokalt samarbeid

Vaksdal kommune, Dale Jeger og Fisk og grunneigarlag i Vaksdal inviterer til møte på Dale, i Sosialrommet i Turbinen torsdag 7.mars kl 19.00.

Enkel servering vert det også.