Mange lagsmeistrar i Eksingedalen IL

Av Liv Anne lør 02.03.2019 - 17:37
Lang rekkje før start, aldersspenn på 77 år!

Det var god deltaking i alle årsklassar i lagsmeisterskapet til Eksingedalen IL laurdag 2.mars. Og med få i klassane vart dei aller fleste vinnarar -  og alle fekk premie. Skirenn er kjekt anten ein er deltakar, arrangør eller heiagjeng. Rennet var i klassisk stil. Det var god glid i isete løyper og klister måtte til om smurningen skulle hengja. Så difor fekk "stakemusklane" køyrt seg, runde etter runde.

Kasper er førstemann ut i år, start etter alder i yngste klassar
Lang ventetid for nokon, men røynde tidtakarar har full kontroll!

I kiosken var det pølser, kake, sjokolade og frukt. Og varm kaffi og saft til alle!

 

"Di fortare du går, di fortare får du sjokoladekake!" 

Kioskdamene sviktar aldri. Mykje å gle seg til etter løpet!

Etter vel gjennomført løp vart det premie på alle. Mange lagsmeistrar på "pallen" i dag!  pokalen var ny for året, fin i sølv og blått, og for mange eit kjærkomme tilskot til premiehylla.

Dei vaksne fekk sjokolade, "Ny Energi", og sette pris på den form for premiering.

Resultatlista kjem etterkvart, på fana/bokmerket  til Eksingedalen IL nedst på www.eksingedalen.no

 

Gruppevis såg det slik ut på pallen på Nesheim i dag: