Kvinne- og familielaget inviterer til baking og smaking!

Av Liv Anne tir 05.03.2019 - 21:09

Det er sterke mattradisjonar i Eksingedalen. Mange av oppskriftene, historiene og tradisjonane er diverre i ferd med å gå i gløymeboka. Dette vil Kvinne- og familielaget no gjera noko med. Laget er i gang med å samla oppskrifter frå generasjonen vår, mødrene og bestemødrene.

Dette markerer laget med å invitera til bakedag i Ljosheim laurdag 16.mars. Og ikkje nok med det: Det vert ettermiddagskafé med smak frå fersk bakst og i tillegg rikeleg med festkaker! 

Alle er velkomne til å vera med bakedagen, frå kl 11. Er du mest interessert i å smaka så kom til kafé frå 15 – 16.30. Garantert mykje godt!

 

Ein del av oppskriftene er heller ikkje skrive nøyaktig ned og finst berre som handboren kunnskap.  Laget ynskjer no å få overført denne kunnskapen om tradisjonane våre til kommande generasjonar og slik sørga for at dei lever vidare.

På bakedagen i Ljosheim kan du få prøva deg på baking av flatbrød, nekabrød og smørja kling, baka nordlandslefser, steika ausekaker, mjelkekaker, og blodpannekaker. Eit spennande prosjekt er Primlefsa, som vert saltmat-innslaget. Både kyndige damer og amatørar vert å finna kring baksteborda i Ljosheim.

Målet er å gje ut bok til hausten. På denne bakedagen kjem ein difor til å stilla ut mat, reiskap, kakeboksar, oppskrifter, gamle handskrivne bøker og gamle kokebøker for fotografering. Om nokon har noko å ta med til dette, vert boknemnda glad! Ein samlar også inn historier knytt til mattradisjonar, så har du noko å fortelja – så ta det med deg til Ljosheim eller ta kontakt med ei av damene i boknemnda.

Av oppskrifter er alt av interesse: Takkebakst, festkaker, kvardagsbakst, jolekaker og oppskrifter på ulike slag graut og mjølkemat.

Kvinne- og familielaget si boknemnd er: Aud Marit Brønstad Bergo, Veslemøy Bergo, Karin Nordheim Flatekval, Britt Eide og Liv Anne Bergo.

I tillegg til å samla inn oppskrifter arbeider nemnda med å skaffa økonomiske midlar til å få ferdig bok i god tid før jola 2019.