Driftige dugnadsfolk

Av Frøydis fre 08.03.2019 - 22:19

Både kjøkken, gang, småsal og scene fekk gjennomgå. Det var vask, rydding og sortering. Det er mykje spennande i eit gamalt hus. Gamalt service, bøker frå1800-talet, årgangs-lydopptakar og ein heil del rusk og rask. Noko skulle på hengar til bos, anna skulle takast vare på - eller setjast til sides for kommande loppemarknad.

Både unge og vaksne var effektive og huset såg betydeleg betre ut etter innsatsen. Dugnadsfolket kunne også undervegs nyte kaffi, heimebakst og ein liten drøs. Det gjer heller ikkje vondt.

Nedanfor finn du bilder frå kvelden.