Friske ungdommar i VM på Nesheim

Av Frøydis lør 09.03.2019 - 17:46

Etter å ha arbeidd over 4 timar dugnad ein fredagskveld ville ein forventa at ungdommen tok seg fri laurdagen. Men nei då, ikkje i Eksingedalen. I god tid før start er dei på plass i løypa for å varme opp, rekognosere og vente. For dei yngste løparane må gå i mål før det er ungdommen sin tur. 

Rennet kan ein gå i alle stilartar, og arrangøren har preparert gode spor både for klassisk og skøyter. Johannes Bergo stiller med klassisk ski og godt mot. Målet er å koma i mål. Sigve Øvstedal skal også gå klassisk - og kanskje få ein ny rekord, seier han. Karane frå Gullbrå stiller med skøyteski og Idar Gullbrå kan fortelje at han har investert i nye stavar for anledninga -155 cm lange. Målet hans er å ikkje kollapsa før mål. - "eller slå meg" repliserer Vegard Gullbrå Tollefsen, medan han sjølv hintar om at Idar skal slåst. "Eg skal slå Vegard og sparka Sigve" høyrer eg idet starten nærmar seg og alle må til startstreken.

Resultatlister finn du her. https://eksingedalen.no/no/node/1547

Johannes Bergo og Sigve Øvstedal på startstreken saman med skigeneral Magnar Nese -og alle andre

Etter målgang måtte nokon ha litt pustepause, og så var det påfyll med pølser, vaflar og kaffi. Premieutdeling er demokratisk med alle på pallen utan annonsering av tider. Alle får VM- medalje. For å finna løpstid må ein innom Eksingedalen.no og leite - eller spørje tidtakarane. Det er viktig for nokon, mindre viktig for andre.

No er det berre å trene meir eller mindre til neste år. Kanskje må der også skaffast fleire nye stavar - til langstrakte gutar i stadig vekst.