Tradisjonar er overlevert!

Av Liv Anne søn 17.03.2019 - 22:23
Mjelkekaker, kling, festkaker, primlefse og soppa! Alt ein kan ynskja seg!

Tradisjonar er overlevert! Alle kunne prøva og alle fekk øva. Laurdag var "kven som helst" invitert til bakedag i Ljosheim. Kvinne- og familielaget stod bak invitasjonen, og bakgrunnen var målet om å laga ei bok med lokale oppskrifter. Oppslutninga var god, med folk nabobygdene, Voss og frå Bergen i tillegg til Eksingedølar. Etter bakedagen kunne alle kosa seg med eit overdådig kakebord.

Litt tjukke leivar, litt tynne her og der – og innimellom litt hol også. Men, kva gjer vel det ein slik dag?  Ingunn hadde kontroll på flatbrødet, Anny på norlandslefsene og Karin lærte vekk kunsten å baka nekabrød og smørja kling. Engsjementet og bakargleda var stor!  

Ingunn svingar lett flatbrødleiven!
Anny har kontroll på lefsene!
Ivrig bakar frå "bydn", Bente med imponerande kjevle- og "neka"-innsats.

Å baka primlefse var nytt for dei aller fleste, ein tradisjon som Ingunn har fått overlevert frå si svigermor frå Århus. Det er flatbrød, med pannekakerøre, ei rømme- og primblanding – og det heile toppa med sprøsteikt bacon. Vanleg som middagsmat etter flatbrødbakinga på Gullbrå.

Primlefse vert heilt sikkert bakt vidare hjå mange!

Kvinne- og familielaget vil gje ut bok med tradisjonsoppslkrifter frå Eksingedalen, så ein del av programmet var fotografi av mat til boka. Difor var det bakt ei rekkje festkaker og anna bakst til fotograferinga. Til slutt vart alt samla til eit bugnande kakebord og kafè. Salen var pynta med bakeredskapar, kakeboksar, bakstebollar og finare kaffikoppar. Gamle kokebøker vart studerte og oppskrifter innleverte. Kaffiborda var dekka med broderte kaffidukar.

Folk strøymde til utover dagen, og fleire bord måtte setjast opp. Gjestene let vel, drakk kaffi og kosa seg med alle dei gode smakane.

Damene som stod bak det heile var svært godt nøgde med dagen, og har fått ny inspirasjon til framhald med bokprosjektet!