Husastyret inviterer til loppemarknad med kafè

Av Liv Anne tir 09.04.2019 - 15:51
Britt Eide, Evelyn Gullbrå, Sigrid Tyssen, Aud Marit B. Bergo, Hege M. Lavik og Anna S. Bergo utgjer det nye driftige Husastyret.

Husastyret inviterer til loppemarknad i Ljosheim laurdag 13.april, frå klokka 11 til 17. Det vert også kafè.

Nye og gamle lopper er komme i hus og meir er i vente - så her vert det noko å finna for einkvar. Ljosheim har no si eiga facebook- side: "Grendahuset Ljoheim", så følg med der! 

Alt overskot går til drift av Ljosheim.

 

PROTOKOLL FRÅ DET OMFRAMTE ÅRSMØTET:
 

Omframt årsmøte i Grendahuset Ljosheim

Dag og dato: Mandag 8. april 2019

Stad: Ljosheim

Tid: 19:30 – 21:40.

 

PROTOKOLL

1.Godkjenning av innkalling og dagsorden

  • Innkalling og dagsorden vart godkjent utan merknader.

2. Val av møteleiar og referent

  • Anna S. Bergo vart vald til møteleiar, Britt I. Eide til referent

3. Revidert rekneskap for perioden 2016-2018 v/ revisor

  • Revisorane Jomar Flatekval og Rune Nesheim var til stades i møtet og kommenterte rekneskapet for åra 2016, 2017 og 2018, då dette ikkje hadde vore framlagt under det ordinære årsmøtet. Drifta av huset har for det meste lege nede dei tre siste åra og det har ikkje vore halde årsmøte sidan april 2016. Utgiftene har vore større enn inntektene, reservane er brukt opp og beholdningen er tilnærma null.   Rekneskapet har vore gjennomgått av revisorane, og dei tilrådde at ein set strek og startar på nytt frå og med ordinært årsmøte 16. februar 2019.  Revisorane har laga ein uttale som vert vedlagt protokollen.

Årsmøtet slutta seg samrøystes til denne tilrådinga.

 

4.Framlegg av tilstandsrapport for grendahuset

  • Bygningstømrar  Sveinung T. Bergo la fram tilstandsrapport for bygning, elektrisk anlegg, røyr/vatn/avlaup m.v. Det er trong for omfattande oppgradering og vedlikehald. Ein del av dette hastar og bør gjerast i inneværande år for å hindre ytterlegare forfall. .  I tillegg må vedomnar, oppvaskmaskiner og komfyr skiftast ut. Gjennomgangen viser at det er behov for minst 800.000 kroner dersom ein skal få eigedommen oppgradert og i god stand.

Det er viktig å ta vare på huset av mange og opplagte grunnar; her må også nemnast at Ljosheim er eitt av dei eldste grendahus i landet og huset har stor kulturhistorisk verdi. Styret skal laga prioriteringsliste og starte arbeidet med å søkje finansiering til utbetringane. Ein del av arbeidet vil bli gjort på dugnad.

Samrøystes vedteke.

 

5. Forslag til nye vedtekter for Grendahuset Ljosheim vart drøfta og nokre tilpasningar vart gjort. Vedtektene vart samrøystes vedtekne. Vedtektene er signert av dei som var til stades og er vedlagt protokollen.

 

6. Leigesatsar og kontingent for 2019. Leiar Anna S. Bergo innleia om den økonomiske situasjonen for drift av grendahuset. Der er tilstekkeleg med midlar til drifta ei stund framover. Det er kome inn ein del uteståande og der er også kome inn gåver. Det er likevel ei utfordring å ha tilstrekkeleg midlar til drifta.

Styret sitt framlegg: «Medlemane skal ikkje betala kontingent, jfr vedtektene. Husastyret skal senda ut søknader om støtte frå laga i Eksingedalen i januar kvart år. Det skal søkjast om 2000 kroner frå kvart lag med høve til å gje meir.

Nye leigesatsar frå 8.4.2019: Dagsleiga for medlemane blir som før, 500 kroner for Vetlesalen og 1000 kroner for heile huset. For utanbygds leigetakarar er satsane høvesvis 1000 og 2000 kroner. Dersom ein ynskjer å utvida leigetida med fleire dagar er satsen 500 kroner per ekstra  dag. Utvask kostar 1000 kroner. Avbestilling meir enn ei veke før den planlagte datoen for leiga er kostnadsfritt. Ved avbestilling ei veke eller mindre før den planlagte leigetida skal halve leiga betalast. Styret kan gjera unntak i særskilde høve.»

Samrøystes vedteke.

7. Innkomne saker: Det var ingen innkomne saker

 

8. Handlingsplan for årsmøteperioden 2019-2020. Framlegg til handlingsplan (vedlegg) vart samrøystes vedteken.

 

 

VEDTEKTER FOR GRENDAHUSET LJOSHEIM

§ 1       Foreininga sitt namn

Namnet er Grendahuset Ljosheim. Grendahuset Ljosheim har forretningskontor i Vaksdal kommune.

§ 2       Føremål

Grendahuset Ljosheim er eit frivillig lag skal arbeida for å sikra drift og vedlikehald av Ljosheim, til beste for innbyggjarane i bygda. Ljosheim er sams bygdeeiga til sams bruk for ibuarane i Eksingedalen. Alle i bygda har lik rett til å bruka huset mot å betale fastsett leige.

§ 3       Juridisk person

Foreininga er sjølveigande og ein frittståande juridisk person med upersonleg og avgrensa ansvar for gjeld.

§ 4       Medlemar

Medlemar i foreininga er alle personar over 16 år med bustadsadresse i Eksingedalen.

§ 5       Røysterett

Alle medlemar har røysterett på årsmøtet med èi røyst pr person. Alle medlemar i foreininga er valgbare til tillitsverv i foreininga.

§ 6       Godtgjering av tillitsvalde

Tillitsvalde skal ikkje motta honorar for verva sine.

§ 7       Årsmøte

Årsmøtet, som seinast skal haldast kvart år i april månad, er foreininga sitt høgste mynde.

Årsmøtet skal innkallast av styret med minst 1 månads varsel, direkte til medlemane og/eller ved kunngjering i pressa og/eller flygeblad til kvar husstand i Eksingedalen. Framlegg som skal behandlast på årsmøtet skal være sendt til styret seinast 2 veker før årsmøtet. Fullstendig sakliste skal vera tilgjengeleg minst ei veke før årsmøtet.

Alle medlemar i foreininga har møterett på årsmøtet. Årsmøtet kan be inn andre personer og/eller media til å vera til stades. Årsmøtet er vedtaksført med det tal medlemar med røysterett som møter. Ingen har mer enn èi røyst. Det kan ikkje røystast ved fullmakt.

Årsmøtet kan berre behandla framlegg til vedtektsendring som er oppført på sakslista seinast 1 veke før årsmøtet. Andre saker kan behandlast og avgjerast når 2/3 av dei frammøtte krev det. Slik avgjerd kan bare takast i samband med godkjenning av sakslista.

§ 8       Leiing av årsmøtet

Årsmøtet vert leia av vald møteleiar.

§ 9      Røysting på årsmøtet

Med mindre anna er fastsett skal eit vedtak for å være gyldig vera gjort med ordinært fleirtall av røystene. Blanke stemmer skal ikkje reknast med.

Valg føregår skriftleg om det vert sett fram forslag om dette. Berre føreslegne kandidatar kan førast opp på røystesetelen. Røystesetlar som er blanke, eller som inneheld ikkje føreslegne kandidatar, skal forkastast.

Likt røystetal mellom to kandidatar skal avgjerast ved omval dersom det er røysta på fleire enn desse to kandidatane. Likt røystetal når det berre er røysta på to kandidatar skal avgjerast ved loddtrekning.

§ 10      Årsmøtet sine oppgåver

Årsmøtet skal:

1.         Handsama Grendahuset Ljosheim si årsmelding

2.         Handsama Grendahuset Ljosheim sin årsrekneskap i revidert stand

3.         Handsama innkomne forslag

4.         Vedta Grendahuset Ljosheim sitt budsjett, herunder satsar for leige av huset

5.         Velja:

            a) Leiar

            b) Styremedlemar

            c) Revisorar (2)

            d) Valnemnd (2-3 personar)

 

§ 11      Omframe årsmøter

Omframe årsmøter skal haldast når styret bestemmer det, eller minst ein tredjedel av dei røysteføre medlemane krev det.

Det skal innkallast på samme måte som for ordinære årsmøter, med minst 1 månads varsel.

Omframt årsmøte kan berre behandla og ta avgjerd i dei sakene som er kunngjort i innkallinga.

§ 12      Styret

Foreininga vert leia av eit styre på 4-5 medlemar. Styret er høgste mynde mellom årsmøta. Styreleiar skal velgjast av årsmøtet kvart år. Styremedlemar er på val for to år. Styret konstituerer seg sjølve.

Styret skal:

1.         Sjå til at dei vedtaka som vert gjort på årsmøta vert sett ut i livet.

2.         Oppnevna komitear/utval/personar for spesielle oppgåver og utarbeida instruks for desse.

3.         Administrera og føre naudsynt kontroll med Grendahuset Ljosheim sin økonomi.

4.         Representera Grendahuset Ljosheim utad.

Styret skal halda møte når leiaren krev det eller eit fleirtal av styremedlemane krev det.

Styret er vedtaksført når eit fleirtal av styret sine medlemar er til stades. Vedtak vert gjort med fleirtal av røystene. Ved likt stemmetal tel styreleiaren si røyst dobbelt.

§ 13      Vedtektsendring

Vedtektsendring kan gjerast på årsmøtet av dei som etter §5 har røysterett på årsmøtet. Forslag om vedtektsendring skal førast på saklista og kunngjerast minst 2 veker før årsmøtet.   Vedtektsendring kan gjerast med vanleg fleirtal.

§ 14      Oppløysing

Denne bestemmelsen kan ikkje endrast.

Oppløysning av Grendahuset Ljosheim kan berre behandlast på ordinært årsmøte. Vert oppløysing vedteke med minst 2/3 fleirtal, skal det kallast inn til omframt årsmøte 3 månader seinare.