Årsmelding 2018 - 2019

Av Frøydis tir 09.04.2019 - 17:46

Årsmelding for Eksingedalen Bygdaråd 2018- mars 2019

 

Årsmøte for 2017 vart halde 16.april 2018. Etter nye vedtekter frå 2014, har alle folkeregistrerte i Eksingedalen over 16 år møterett og stemmerett ved årsmøte.

Arbeidsstyret har dette året vore slik samansett: Frøydis Gullbrå (leiar), Laila Bolstad, Jon Trefall, Ole Jakob Nese.

 

Det har i 2018 vore arbeidd med desse sakene:

Halde fram med følgjande faste saker for bygdarådet:

  • Drift av heimesida Eksingedalen.no.
  • 17-mai: Utval av komité, innkalling til møte, søknad om tilskot. Komiteen har ansvar for gjennomføringa, og å skaffa talar til året etter. Utnemning av 17.mai komité vert gjort i februar/mars, komiteen arbeider sjølvstendig. 17.mai talar 2018 var Kristin Nåmdal.
  • Marknadshelg: Fastsetjing av dato og val av komité for marknad annakvart år. Det var marknad 18. august 2018, og neste er planlagt august 2020. Komiteen har ansvar for gjennomføringa. Komitémedlemmane arbeider over to marknadar, for å få kontinuitet.
  • TV-aksjonen: Organisering av lag til å ta ansvar for innsamlinga. I 2018 var det Kvinne-og familielaget som hadde ansvar for innsamlingsaksjonen.
  • Vedlikehald av stølsvegar og Reitlevegen: Søknad om midlar, gjennomføring av tiltak.

 

 Andre saker 2018:

  • Ny pris: «årets Eksingedøl»
  • Plastopprydding langs Ekso
  • Minnetavle over viktige historiske personar, Syskene Lavik
  • Innspel til arealplan Vaksdal kommune
  • Høyringsuttale «moglegheitsstudie for bygg i helse og omsorg» i Vaksdal
  • Revisjon av konsesjonsvilkår for Eksingedalsvassdraget / Evanger kraftverk
  • Fiberkabel fram til kvart hus

  

Om dei enkelte sakene:

Eksingedalen.no

Heimesida for eksingedalen kom over på ny plattform i februar 2018. Innhaldet er om lag som på den gamle, utsjånad er litt fornya og den fungerer betre på mobile einingar som telefon og nettbrett. Siste året har det også vore rimeleg god aktivitet med mykje nytt stoff på sidene, Med litt variasjon på hyppigheit. Nokre månader er det mange saker, andre gonger færre. Kalendaren på nettsida blir mykje brukt for å finne kva aktiviteter som føregår i dalen. For oppdatering av kalenderen er ein avhengig av tilsendte saker frå bygdefolket.

Årsmeldingar og andre meldingar frå Bygdarådet er å finna under eiga fane nederst på den nye sida.

Magnar Nese er redaktør for sida, i tillegg er det 4-5 andre som legg inn stoff (Svein, Frøydis, Liv Anne). Dei som gjer arbeid for nettsida har høve til å fakturera timar for arbeidet, dette er ikkje gjort i 2018.

 

 Pris – årets eksingedøl!

Ved årsmøte for 2017, vart det bestemt å oppretta hederspris for ein engasjert eksingedøl. Dette vart gjort for å synleggjere positivt engasjement og arbeid for Eksingedalen eller folk i dalen.  Den første til å vinna denne prisen vart Hege Marie Lavik, ung, modig og raus butikksjef på Lavik.

 

Plastopprydding langs Ekso

Det vart i mai-18 arrangert og oppfordra til plastopprydding langs elva. Me laga avtale med BiR som leverte ut plastsekkar og som henta oppsamla plast. Mykje plast og bos vart rydda og samla opp langs heile elva dagane prosjektet varte.

 

Minnetavle

Vaksdal kommune har nokre år hatt nedsett ei nemnd for å finne historiske personar å heidre i kommunen. Nemnda hadde kome fram til at i Eksingedalen var det tre brødre frå Lavik som vart verd å heidre; Andres, Andreas og Johannes Lavik. Desse tre brødrene var del av syskenflokk på 5, der også dei andre to hadde ei interessant historie og aktive liv. Det vart bestemt på årsmøte i bygdarådet for 2017, at det skulle utarbeidast ei minnetavle, med litt informasjon om alle desse syskena. Liv Anne Bergo tok på seg arbeidet med å utforme tekst, og Håvard Bergo hadde grafisk arbeid med tavla.  Denne tavla vart sett opp på bergknaus ved butikken på Lavik, saman med minneplaketten frå Vaksdal kommune. Desse vart avduka på marknadsdagen august 2018.

 

Innspel til arealplan Vaksdal kommune

Bygdarådet leverte høyringsuttale til kommuneplanen sin arealdel i desember 2018. Uttalen vart skrive etter folkemøte som vart halde 3. des. I møtet vart folk oppfordra til å kome med synspunkt som var viktige å ta med i høyringsuttale frå Bygda vår. Det var i utgongspunktet skrive veldig lite om Eksingedalen i planutkastet. Høyringa herifrå peika på dette, i tillegg til fleire punkt me fekk innspel på frå eksingedøler i møte og i etterkant. Innspelet er å finna på eksingedalen.no, under fane «bygdarådet» nedst på sida.

 

Høyringsuttale «moglegheitsstudie for bygg i helse og omsorg» i Vaksdal

I mars 2019 har bygdarådet sendt inn Høyringsuttale på sak om bygg i helse-og omsorg. Våre viktigaste moment var:

-skal det berre vere ein sjukeheim i Vaksdal kommune, bør denne vere på Dale

-Vaksdal kommune må sikre gode omsorgstenester til alle innbyggjarane i heile kommunen, inkl heimebaserte tenester

-Det må sikrast god bemanning i helse-og omsorgssentoren

-Vaksdal bør ta oppatt å leige sjukeheimsplassar i Modalen kommune.

Uttalen er å finna på eksingedalen.no, under fane «bygdarådet» nedst på sida.

 

 

 

Revisjon av konsesjonsvilkår for Eksingedalsvassdraget / Evanger kraftverk

Eksingedalen bygdaråd, Eksingedalen grunneigarlag og Øvre Eksingedalen grunneigarlag ( + Ekso elveeigarlag/Myster),  sende i 2011 brev til NVE, der det vart bede om at NVE opna prosess med fornying av konsesjonsvilkår for Evanger kraftverk / Eksingedalsvassdraget.

 

NVE har i januar 2019 sendt ut brev til kommunane som er omfatta av kraftutbygging i området for Evanger kraftverk, og bede dei kome med tilbakemelding om dei ynskjer kome med krav. I «Retningslinjene for revisjon av konsesjonsvilkår for vassdragsreguleringer», utgitt av Olje- og energidepartementet i 2012, står det at krav til vilkårsrevisjon normalt bør fremjast og koordinerast gjennom kommunane. Svarfrist er sett til 1 april 2019 for å gje tilbakemelding om dei ynskjer setje fram krav, og eventuelle krav må framsetjast innan 1. juli 2019.  

 

Bygdarådet har vore i kontakt med kommunen, for å høyre om dei har kontaktperson på denne saka, vidare om dei vil gi tilbakemelding til NVE. I svar frå kommunen har me fått beskjed om å henvende oss til fungerande rådmann Åse Elin Myking i saka. Me har også fått opplyst at det er sendt melding til NVE innan 1.april. Kommunen vil også invitere bygdaråd og grunneigarlaga til møte i slutten av april om konsesjonsfornying og eventuelle krav.

 

 

Fiberkabel fram til kvar bustad - statusrapport

Ei av dei prioriterte sakene for Bygdarådet det siste året har vore arbeidet med å få fiberkabel fram til alle bustader i Eksingedalen, frå Høvik til Gullbrå.

Saka er no høgaktuell av fleire grunnar. Den viktigaste grunnen er at Telenor har starta fråkopling av dei gamle koparleidningane som har gjeve folket i dagen fasttelefon og sidan 2007 også rimeleg godt internettsamband. Dei første abonnentane i dalen mista den faste linja si seint hausten 2018. No i mars 2019 har resten av teleabonnentane i dalen, frå Høvik til Gullbrå, fått brev frå Telenor om at vedlikehaldet på dei gamle koparleidningane skal opphøyre frå 1. mai. Det Telenor tilbyr er mobilt breiband som erstatning.

Det blir sagt at mobilt breiband er framtida. Men likevel så byggjer Telenor også no ut fibernett fortare enn nokon gong før, og med stor dimensjon. Det nye mobilnettet 5G (=5. generasjon) som kjem om nokre få år er heller ikkje tenkt å ta over for fiberløysingar, trass i stor kapasitet og enorm datafart. 5G er for øvrig ikkje planlagt som framtidig mobilnett utanom i byane og tettbygde strok. Trafikken er nemleg for liten i distriktet til at det svarar seg å skifte ut 4G-kommunikasjonen som vi no har.

I Eksingedalen fekk vi i 2007 ny stor fiberbasert hovedkabel for alle former for teletenester. Fiberkabelen forsyner telekioskane oppover dalen med signal. Ut frå dei lokale telekioskane går det koparnett. Det er skikkeleg gamalt, stadvis i dårleg stand, og går på stolpar der mange er i svært skrøpeleg forfatning. Slik sett er det ikkje rart at dette gamle koparnettet takkar for seg no.

Men Eksingedalen, både folket her og Eksingedalen Bygdaråd meiner at mobilt breiband ikkje er bra nok alternativ, verken teknisk eller kapasitetsmessig, og heller ikkje når det gjeld månadspris og framtidige prisgarantiar.

Det som er gjort får Bygdarådet si side, kan samanfattast i nokre få punkt:

  • Det er gjennomført ei kartlegging av kvar mogeleg abonnent frå Gullbrå til Høvik. Her har kvar einskild husstand, hytteeigarar og også næringsdrivande svara på spørsmål om kva «fast» teleabonnement dei har no, kva dei ønskjer, og om dei også er interessert i å la mogeleg fiberkabel ta over for parabol som dei måtte ha. Kartlegginga har vore tidkrevjande og grundig gjennomført.
  • Denne kartlegginga er no sendt til Telenor og til Bergen Fiber. (Bergen Fiber har også «avdeling» for Hordalands-utbygging. Selskapet leverer Alt-I-Boks, og er for det meste eigd av BKK).  Dei to, Telenor og Bergen Fiber reknar no på kostnadene med det som på fagspråket heiter FTTH  (Fiber To The Home= Fiber til heimane).
  • Eksingedalen Bygdaråd har også meldt frå til Vaksdal kommune om kartlegging, ønskje og behov for fiber til heimane i Eksingedalen.  Dermed vert vi sjølvsagt med på den kartlegginga som Vaksdal kommune må bidra med ovanfor Hordaland fylkeskommune, med frist i juni 2019. Det er Norsk Kommunikasjonsmyndighet (NK) som no forvaltar Staten sine tilskot til fiberutbygging, mynta på områder der det ikkje er godt nok økonomisk grunnlag for kommersiell utbygging. NK har no bede fylkeskommunane om innspel, og fylkeskommunen går altså til kommunane for å få fram prioriteringslister. Her er altså Bygdarådet i forkant og har meldt interessa for fiber til praktisk talt alle i dalen, gjennom ordinær tenesteveg som  er Vaksdal kommune.

 

Sidan fibersaka opptek mange i dalen, og er høgaktuell no når vi mister den faste telelinja, er laga ein presentasjon av fibersaka i Eksingedalen. Denne kan visast på årsmøtet i Bygdarådet 9. april, i den grad møtetida tillet det.  Bygdarådet ser det som ei viktig sak at flest mogeleg får ekstra god kunnskap om denne aktuelle saka, både på grunn av  at vi alle no skal verta trådlause, at det går mot kommuneval med god plass i dei lokale partiprogramma til å markera seg med ei viktig sak for Eksingedalen. Dess fleire som har god kunnskap om fibersaka, dess betre ambassadørar kan vi vera.