Frøydis heldt fram som leiar i eit engasjert Bygdaråd!

Av Liv Anne tir 09.04.2019 - 22:46
Det nye Arbeidsutvalet: Jørgen Engdal, Frøydis Gullbrå og Magnar Nese, i tillegg Laila B Eikefet som ikkje var til stades på møtet.

Frøydis Gullbrå tok attval i Arbeidsutvalet til Bygdarådet. Laila Bolstad Eikefet var ikkje på val, og heldt fram som styremedlem. Som nye representantar vart Jørgen Engdal og Magnar Nese valde inn.

Dei viktige sakene framover vert:

  • arbeid for fiber til vegg i alle hus i Eksingedalen
  • fagråd i høve vassdraget
  • konsesjonsfornyinga
  • invitera politiske parti til å fortelja om prioriteringar for Eksingedalen i valprogrammet

Det vert arbeidd vidare med offentleg toalett, og som sist år vert det bossdugnad ei veke i vår.

Bygdarådet oppretta sist vår prisen "Årets Eksingedøl" som skal delast ut 17.mai, og vil gjerne ha framlegg til kandidatar for prisen.

Årsmeldinga er tilgjengeleg under Bygdarådet si side her på heimesida: https://eksingedalen.no/no/node/1617