18.mai-kamp på Bergo Stadion

Av Liv Anne man 20.05.2019 - 20:04

Å spela fotball er sosialt og kjekt! Innsatsen til dei 15 som møtte opp 18.mai var upåklageleg, og tempoet var til tider svært høgt. Her møttest "proffe" ungdommar mot trimmarar, dei blå mot resten!

Innimellom er det stor aktivitet på fotballbana nedom skulen, særleg i langhelger og feriar. Når nokon har lyst til å spela vert jungeltelegrafen nytta i tillegg til Facebook. Det er ei eiga Facebook-side som heiter "Fotballtrening på Bergo", ei gruppe for den lovande fotballgjengen i Eksingedalen. Søk opp gruppa dersom du har lyst til å vera med! Ope for alle frå 8.klasse og oppover i alder .