30.mai Brev til vegvesenet om vegstenging fv 313

Av Frøydis tor 30.05.2019 - 19:27

Til Statens Vegvesen

firmapost-vest@vegvesen.no

 

Vegarbeid, stenging fv 313, varsla 22.mai til 29. juni

–Uakseptable stengetider og mangelfull informasjon/skilting

 

På nettsida til Statens vegvesen finn me:

FV 313, Utsikten, på strekningen Neshiemsfjellet: Kan bli stengt i perioder på inntil 4 timer på grunn av vegarbeid i periodene: Mandag til fredag fra 08:00 til 20:00. Lørdag fra 08:00 til 18:00. Åpent for gjennomkjøring kl 12:00-12:30 og kl 16:00-16:30

Det er ikkje merka med skilt ved krysset på Nesheim. På skilt ved Modalstunnellen står der ikkje tidsrom (datoar for stenging), og ikkje kor på fv 313 det er stengt.

Folk i Eksingedalen er glad for at sikringsarbeid blir utført på fv 313, og me forstår at ein del stenging av vegen er nødvendig. Me meiner likevel vegstenginga som no blir gjennomført er unødvendig omfattande. Det er vegstenging over lang tid som skapar store ulemper folk her - då vegen er stengt det meste av dagen - kun opna kvar 4.time, og arbeidet pågår i over ein månad. Dette gjer at folk må avlyse avtaler på Voss, evt ta seg fri heile arbeidsdagar. Det er vanskeleg å få avtaler for varetransport og handverkarar. Også laurdagar er det meldt arbeid. Det er heller ikkje nemnt om utrykningskøyretøy kan passerere. Kan me vere trygge for det? Og er der arbeid på «raude dagar» utanom sundag? Også i november 2018 hadde ein same problemstilling, og me gav også då beskjed om at det er var uakseptable stengetider, likevel startar de oppatt no med same stenge-regime, og utan varsel på førehand.

Me ser ikkje at arbeidet så langt har gjort at vegbana blir fysisk stengt med store sprengmasser eller anna som tek lang tid å fjerne. Det skulle såleis vere relativt kjapt å få sleppe bilar forbi når det er klart. Me kan ikkje akseptere slik stenging når arbeidet er av den art det er.

Det må også vere samsvar mellom meldingar de gjev om stenging – og faktisk stenging, slik at me veit kva me kan forhalde oss til. Folk har erfart at det innimellom ikkje er arbeid på vegen i peridodar de har meldt stenging. Informasjon om endringar må som minimun leggjast på nettsida vegvesen.no, og gjerast kjent hjå operatørar av telefon 175. Det er også behov for informasjon på førehand om slik vegstenging – slik at me kan planleggje avtaler etc.

Me vil oppmode om at de endrar vegstenginga under sikrignsarbeidet slik at den er i tråd med praktisk og nødvendig bruk – og står i stil med arbeidet som blir gjennomført.

Nokre alternativ:

-Trafikk kan passere med kortare ventetid når arbeid føregår? Td venting inntil 30 minutt?

-Ope kvar time, for rask gjennomkøyring

-Tydeleg informasjon om arbeidet på skilt, inkludert skilt ved kryss på Nesheim, og oppdatert informasjon til 175 ( nettside + telefonoperatører) om stenging og evt avvik i gitt informasjon.

 

Med helsing

For Eksingedalen Bygdaråd

 

Frøydis Gullbrå, leiar

frogull@online.no, tlf 90959808