Mindre stenging frå måndag

Av Frøydis fre 07.06.2019 - 12:01

Sidan 22.mai har vegen over fjellet vore stengt 4 timar i strekk frå 08-20 på grunn av sikringsarbeid, kun med opning 12 og 16. Det var meldt at dette skulle halde fram til 29.juni.

Frå byggjeleiar Einar Selland ved Statens Vegvesen får me no opplyst at det frå veke 24 ( dvs måndag 10.juni) vil vere fri ferdsel forbi arbeidsområdet ved Utsikten,  med inntil 30 minutt stenging. Det kan altså stadig bli noko venting på open veg - men betydeleg mindre enn fram til no. 

Dette blir det mindre av frå kommande veke.