Snipp snapp snute – så var Eksingedalen skule ute

Av Frøydis tor 20.06.2019 - 19:43
No ventar Voss for Andreas, Idar og Vegard

Skulen inviterte heile bygda til sommarfest for å markere at skuleåret er slutt, og for å høgtideleg markere avslutning for 10.klassingane. Som vanleg var det «full pakke» - skulen skuffa ikkje. Ordførar Eirik Haga var også invitert - og han stilte opp, sjølv om vegen vart lengre grunna stengt fjellveg.

Lærar Leiv Magnus hadde skrive og i samarbeid med Anna Bergo regissert sommarspelet «På friarfot» - der alle elevane på skulen fekk spesialsydde roller. Spelet tok heile gymsalen i bruk med lyssetjing og aktivitet i fleire krokar. Ikkje alltid like lett å få med seg kor det skjedde noko til ei kvar tid – me du verda så engasjerande – også for publikum. Skodespelarane levde seg godt inn i rollene – og her var jammen eit talent eller to også. Dramaet enda til slutt på scena med både dinosaurdrap og lukkeleg slutt der dei forelska til slutt fekk kvarandre.

Festen baud også på presentasjon av resultat frå Nysgjerrigper-konkurransen der skulen med 1.-7. klasse også i år vann sølv. Etter dette vart det kahoot, der me fekk testa ut kor mykje me fekk med oss frå føregåande presentasjon. Nokon imponerte stort også her.

Mat, kaffi og litt prat vart det også tid til, før 10.klassen vart kalla opp på scena. Då tok dei resten av kvelden. Det var mange som ville takke og gi gode ord på vegen vidare; rektor, klasseforstandar og ordførar . Medelevar i 8.klasse hadde også sett saman fin tale der karateristikkane til dei tre avgangselevane vart tydelege. Talen framkalla opptil fleire latterkuler, og fekk toppscore frå mottakarane.

Eit nytt skuleår er over og skulen går sakte over i sommarmodus. Tre 16-åringar frå Eksingedalen gjer seg klar til hybelliv på Voss. Til hausten startar det oppatt sju elevar i Eksingedalen – om ingen kjem til gjennom sommaren. Den flotte og gode skulen har plass til fleire.