Bli med på turhelg i Eksingedalen!

Av Liv Anne tor 22.08.2019 - 19:27
Høgast i Vaksdal, 1264 moh. Foto: Elizabeth Gjessing

Til helga har du sjansen til å vera med på to fine fellesturar med Vaksdal Turlag i Eksingedalen!

Har du enno ikkje vore på Vaksdals høgaste topp? Laurdag 24.august går turen til Skjerjavasshovden, høgaste toppen i Vaksdal, 1264 moh. Oppmøtestad er Trefall i Eksingedalen kl 11.00, ved Trefallbrua rett ovanfor Trefall. Herifrå køyrer ein anleggsvegen inn til Beinhelleren.Turen startar i sørenden av Beinhellervatnet på 700 moh. Turen tek omlag 4-5 timar tur/retur. Totalt er det ca 10 km og ein samla stigning på nesten 1000 høgdemeter.

Søndag den 25. er det tur langs Øvrefjellet, den gamle ferdslevegen mellom Gullbrå og Ekse til Brekkhus. Oppmøte ved Vinningsleitet på Fv. 313, ved kommunegrensa mellom Vaksdal og Voss. Turen startar bratt opp til Krossaleitet, derifrå er det innover i lett terreng mot Eksestølen og ned til Ekse. Skyss vert organisert attende til parkerte bilar. Ein rekar 5 -6 timar på denne turen.

Eventuelle endringar i tilfelle dårleg vèr vert å finna på www.eksingedalen.no Sjå også https://vt.dnt.no/ for meir informasjon   

På Krossaleitet, onsdagstur med Eksingedalen IL hausten 2018.