Til fjells i Eksingedalen med Vaksdal Turlag

Av Liv Anne søn 25.08.2019 - 21:12
Folkevandring mot toppen av Skjerjavasshovden

Frå regn i lufta og skodde på toppen laurdag til sommarvarme i fjellet søndag. Høgaste toppen i Vaksdal, Skjerjavasshovden, ville ikkje syna fram usikta denne gongen, trass i at det var reine folkevandringa! 

Søndag var det tur langs Øvrafjellet, frå Vinningsleitet til Ekse. 

Ein fin tur sjølv om skodda var tett på toppen av Skjerjavasshovden og ei skikkeleg regnbyge avslutta nistepausen på 1264 moh brått! 

45 deltakarar i lang, lang rekkje oppover og nedover. 

Turleiarar Roger Sandvik og Arne Riple med skoddehavet bak seg.
Heldigvis trekte skodda seg oppover, og det var god sikt heilt til topps.
Ned mot Skjerjavatnet før siste lange kneika oppover til toppen.
Høgast i Vaksdal! Roger, Elizabeth og Sveinung

 

Søndag var det tur langs den gamle ferdslevegen, Øvrafjellsvegen, frå Vinningsleitet til Ekse. Sommarvarme i fjellet og ei historisk vandring med Nils som fjellførar og forteljar. 12 deltakarar var godt nøgde, på alle måtar! 

Fjellførar og forteljar!