Fiber i vegg, like viktig som straum og vatn!

Av Liv Anne ons 28.08.2019 - 21:09

"Fiber i vegg er like viktig som straum og vatn!" KRF sin ordførarkandidat Bjart Magnus Rossvold hausta spontan applaus med dette svaret.  Spørsmålet var om nokon ville både ta tak i og prioritera å få fiber fram til alle hus.  Det viste seg å vera tverrpolitisk semje om nettopp dette, og det gledde dei frammøtte stort.

Andre viktige saker for eksingedølane var ei betre og meir brukarvenleg eldreomsorg, god kommunikasjon -  og ei større prioritering av landbruk og bygdenæring. 

Etter svara frå politikarane denne kvelden er det grunn til optimisme: Mange lova ta tak i desse oppgåvene. 

Det er lenge sidan så mange listetoppar har stilt til politisk møte i Eksingedalen framfor eit val. Sist var i 1995, vart det sagt frå salen. Bygdarådet hadde invitert alle partia til å presentera partiprogrammet sitt og ta i mot innlegg og spørsmål frå dei frammøtte. Magnar Nese leia det heile på ein ledig måte og Frøydis Gullbrå presenterte Eksingedalen gjennom ord og bilete. Gjennom tittelen «Eksingedalen liten og stor» synte ho at i geografisk storleik utgjer bygda vel 1/3 av arealet til heile Vaksdal Kommune. Frøydis fortalde om eit folk som vil bu i Eksingedalen,  der m.a. avstandar gjev andre utfordringar enn elles i kommunen.

Ingunn Gullbrå utfordra politikarane til å ta tak i eldreomsorga

Ingunn Gullbrå sitt innlegg frå kvelden vert hugsa. Hennar konkrete forteljingar om korleis det er å vera av dei eldre, trengja hjelp og ynskja å bu heime rørte ved både bygdefolk og politikarar. Ho fortalde om uverdige situasjonar og korleis eldre opplever totalt kaos når tre stykker kjem inn døra for å vaska huset på ein halv time. Ho bad innstendig politikarane om å ta tak i dette og gje dei eldre ein verdig alderdom.

Fleire andre i salen var også oppteken av eldreomsorg, særleg tilbodet og organiseringa av heimetenester som store utfordringar. Ein opplever for lite hjelp, for sjelden hjelp og vanskeleg å få både hjelp og institusjonsplass. Politikarane lova nærast unisont å ta tak i dette! SV og KRF lova til og med å ta opp att saka om eldrebustader/gjennomgangsbustader i Eksingedalen. Det vart også trekt fram at det er mangel på hus til unge som ynskjer etablera seg, og i denne samanhengen er handheving av buplikt viktig for bygda.

Å sjå på landbruk som ei viktig næring, med regelverk kring næringsfond og næringsselskap slik at landbruket også kan søkja støtte, vart teke opp av fleire.  Politikarane lova også her å ta grep, sjølv om dei ikkje var heilt einige i korleis.

Godt frammøte av lyttande og spørjande folk.

Ungdomsskuleelevane i Eksingedalen hadde i skuleoppgåve å møta opp på det politiske møtet. Eit innlegg  dei snakka om dagen etterpå, og som dei likte aller best, var Veslemøy Bergo sin appell til politikarane. Veslemøy fortalde om at ho ofte har vore møtt med undring om det går an å bu i Eksingedalen. Ho heldt fram med at «me bur her fordi me likar oss her», og ho oppmoda politikarane om å ta omsyn til at i Eksingedalen bur det folk som vil bu her og ventar å bli teke på alvor som ein innbyggjar i Vaksdal kommune.

Dette syns ungdommane var godt sagt! Og får dei no også fiber inn i husa, ser dei lyst på framtida i Eksingedalen.