Eksingedalen IL inviterer til Gygrakjeften Opp!

Av redaktør man 06.09.2021 - 08:17
Gygra i Gygrakjeften. Foto: Solfrid Urke Nese

Laurdag 11.september er det klart for motbakkeløpet Gygrakjeften Opp. Løpet startar ved skulen på Bergo, går først eit par hundre meter på veg før det ber oppover den bratte stien til Mjelkeplassen. Målgang er på Mjelkeplassen, og ein kort avstikkar etterpå er nettopp Gygrakjeften. Her er det luftig og god utsikt. 

 

Løypeprofil Gygrakjeften Opp

Start kl 11, laurdag 11.september

Påmelding til anna.bergo@hotmail.com eller på Eksingedalen skule fram til kl 10.30 på løpsdagen.

Konkurranseklassar:

Dame junior 12-18 Dame senior 19-50 Dame veteran 51+

Herre junior 12-18 Herre senior 19 -50 Herre veteran 51+

Trimklassen er open for alle aldrar.

Pengepremiar i konkurranseklassane og premiar trekte på startnummer. 

I år blir også "Årets eksingedøl" 2021 kåra på denne dagen. 

Kafe og premieutdeling på skulen etter løpet.