Bokbyte for Fjelltrimmen, ny sesong er i gang.

Av Liv Anne tir 08.10.2019 - 20:15
Første støl med ny bok er Yksendalstølen

Bøkene for Fjelltrimmen 2019 vert henta inn i desse dagar, og nye bøker vert lagt ut. 

Om nokon ynskjer namnet sitt i 2019-boka kan ein få det fram til 20.oktober. Ta i såfall kontakt med Turgruppa i idrettslaget, Aud Marit, Solfrid eller Liv Anne

 

Om nokon vil hjelpa til med bokskifte, vert damene i turgruppa glade.