Smalahovelaurdag på Bergo

Av Liv Anne man 21.10.2019 - 20:15
Smalahova vert svidde over open eld, skrapa og stelte.

Dagen er laurdag 26.oktober, frå klokka 12. Arrangementet er ope for alle som har lyst til å prøva å svi, sjå på - eller berre vera sosiale. I Grindbygget lagar me til eit felles matbord, og som vanleg vert det servert laurdagsgraut og nysteikte blodpannekaker.

Det er kjekt om alle tek med seg litt mat til fellesskapet, kaffikopp og det ein treng av bestikk til seg sjølv. 

Av utstyr som trengs, kan det vera lurt å ta med seg kniv til skraping.  

Om nokon ynskjer smalahove med seg heim, må dette bestillast hjå Anna (tlf 480 24 522) innan onsdag 23. oktober. Hovuda vert salta og røykte på Bergo, dersom du ikkje vil gjera det sjølv.