Ljosheim skal fyllast av "lam, skraml og Baljelauget"

Av Liv Anne ons 23.10.2019 - 20:31
Baljelauget: Svein Prestegard, Olav Undeland, Arne Anderdal og Tor Helge Opdahl

 

Laurdag 9.november inviterer styret for Grendahuset Ljosheim til haustfest. Det vert middag, underhaldning, konsert og dans - alt på ein kveld.

Det heile startar med lammegryte kl 19, som ein må melda seg på for å få smaka. Under middagen vert det kulturelle innslag ved Andeland duo.

Kring 21 - 21.30 startar konserten med Baljelauget. Og etter dei heldt festen vidare fram.

Aldersgrense: 18 år

Påmelding til middag innan fredag 1.november til annabergo@hotmail.com

For meir informasjon: Søk opp arrangementet på Facebook "Lam, skraml og Baljelauget

 

Baljelauget, om seg sjølv:
Baljelauget - eit heilnorsk Americana med baljebass, hardingfele og stusselege viser på tvangsrim. Hjerte, smerte, tull og vås møter slåttespel i trainbeat! Garantert god stemning!

Kvartetten frå Voss er det einaste orkesteret i landet som i fullt alvor nyttar baljebass (sinkbalje,kosteskaft og ei snor!) traktert av Svein Prestegard. Arne Anderdal spelar hardingfele, Tor Helge Opdahl slår på trommer, kjøkkenutstyr og anna skraml. Olav Undeland står for gitar og song.