Bygdakafè - hurra!

Av Frøydis man 28.10.2019 - 18:39
Effektive elevar - let heller ikkje oppvasken stå og vente,nei. Fv Sigve Øvstedal, Johannes Bergo, Silje Gullbrå

Ungdomsskulen inviterte i dag altså bygda til middag - servert frå 16-18. På ein kjøleg dag, der me måtte køyra forsiktig - passa det heilt perfekt med varm Chili Con Carne. Porsjonsstorleik fekk me velgje sjølv, stor til 80,- og liten til 50,-. I tillegg fekk me kjøpe nydeleg fersk eplekake og kaffi. 

MIddag i akkurat passe porsjon

Det var tydeleg at folk sette pris på tilbodet. Mange møtte opp og fekk ein liten prat med naboen, i tillegg til ferdiglaga middag. Ungane fann fort moro i gymsalen, medan dei vaksne vart sitjande ei stund ved borda. Det var prat og summing heile tida, faktisk så mykje at den fine, tilpassa bakgrunnsmusikken kun var råd å høyre etter at dei fleste hadde forlate lokalet.  

Superbra ungdomsskulen! Eg gir terningkast 6.