Tradisjonsmat på alles lepper

Av Magnar ons 27.11.2019 - 21:24
Nytt og gamalt side om side

Boka er ikkje berre ei samling oppskrifter. Den er illustrert med bilete både frå notid og det som kan kallast "gamle dagar". Historiar og minne knytt til personar og matrettar krydrar også dei 167 sidene.
Ikkje alle oppskriftene har opphav frå Eksingedalen. Dei kvinnene frå andre delar av landet som gifta seg med ein eksingedøl har gjeve mattradisjonen i dalen eit breiare spekter.

Julekakeavdelinga på matbordet
Boknemnda, frå venstre; Liv Anne Bergo, Velsemøy Bergo, Britt Eide, Aud Marit Brønstad Bergo og Karin Nordheim.

Statsbudeie Bodil Irene Gunnarsdotter Nordjore deltok på boksleppet. Ho la vekt på kor viktig der er å få fram den matkunnskapen som ikkje er uttalt, men som nokon har "i hendene". Difor er arbeidet som er gjort i Eksingedalen ein skatt for ettertida.