Ljosfest i butikkgata

Av Liv Anne søn 01.12.2019 - 20:57

Eksingedølane stilte som vanleg opp, så mange at det fylte godt opp både ute og inne i den trivelege butikken. I snøveret samla folk seg rundt bålpanna. Det var quis og julebrussmaking i tillegg til gratis gløgg og peparkaker. Og då det skumra vart alle ljosa tente. Ei stemningsfull stund og fin start på adventstida. I butikken er det godt med varer, også gode tips til jolegåver!

Alt ligg til rette for god jolehandel på Nærbutikken.