Joleverkstad for born og vaksne

Av Liv Anne man 02.12.2019 - 20:45

Kvinne- og familielaget inviterer som før til joleverkstad for både born og vaksne. Laurdag 6.desember, kl 11 – 15, er alle små og litt større inviterte til joleverkstad i Ljosheim. Her vert det som vanleg høve til å laga jolepynt og til å baka. Klokka 13 vert det servert risgraut, kaffi og nybakte jolemenn - så legg gjerne turen innom for ei triveleg matstund.  

Pris kr 100 pr barn, for graut og kaffi kr 50

Tysdag 10.desember kl 19 vert det joleverkstad der ein kan laga kransar og dekorasjonar. Servering av gløgg og lussekattar. Dette er på skulen, og dette høver best for dei vaksne og for ungdommar.