Adventskonsert med sjarm

Av Frøydis tir 17.12.2019 - 22:07

Søndag vart det arrangert fin og stemningsfull konsert i kyrkja på Nesheim. Mange lokale krefter deltok.

Magnar Nese tok opp stafett-pinnen frå faren - og serverte tre fine solo- nummer. Til slutt drog han i gong julekveldsvisa, der alle som hugsa teksten fekk vere med frå benkane. 

Livfulle ungar med pågangsmot og spenst, imponerte med innlært tekst og trakterte mikrofon nærast som profesjonelle.

Hanna Gullbrå fekk overtalt faren, Svein Tollefsen til å vere med på tre innslag. Han tok utfordringa og debuterte til og med på bass på siste song. Og fint låt det.

Kantor Ruben Gjertsen batt det heile saman med ulike pianostykker, mellom dei fleire oppfriska julemelodiar.

Ei fin førjulsstund vart det for dei rundt 50 som møtte opp.

Mitt hjerte alltid vanker
King Of Kings