Forbi to graner og ein stein og ein stubbe

Av Magnar fre 20.12.2019 - 14:19
Snekker Andersen og Julenissen helsar på kvarandre
Heime hjå nissefamilien
Og så blei det julepresangar til alle.

Etter å ha underhalde oss med skodespel og korsong, serverte elevar og lærarar oss risgraut med mandel, julekaker, lefser og påsmurde julebrødskiver.
Så vart me utfordra til gå rundt juletreet som var pynta og fint. Også i år klarde me å laga to ringar rundt grana. Songen glitra av både glede og forventning der den steig mot taket, der me både neia, bukka og svinga oss i ring.