Vanskeleg å få fyr? Bjarte kan hjelpe!

Av Frøydis lør 11.01.2020 - 12:42

Bjarte har kort veg bort til bestemora, kun ein rask tur over tunet - og det er her produksjon av opptenningsrullar finn stad. På ein laurdagsmorgon i januar er dei allereie godt i gong kl 10. Her ligg dei såvisst ikkje på latsida. Bjarte kan fortelje at i dag begynte dei med frukost klokka 9. Så var det å lage klar på kjøkkenbordet med aviser, drill og tape.

Bjarte og Anny i gong med papirrullane

Først må det lagast rullar av avispapir. Kvar rull inneheld 7 blad med avispapir klypt i breidder på 8 cm, og lengda er omlag 30 cm. I starten rulla dei saman papir for hand, og knytte det saman med band. Dette fann dei ut etterkvart både vart tungt for fingrane, og litt tungvindt. Ei god løysing var då å få lage ein spesialkrok til drillen, der ein kunne festa papiret til kroken, og få  drillen til å rulle den saman. Pappa Olav vart sett på saka og fiksa krok i ein fei. Etter at drillen har rulla papiret, set Bjarte ein liten brett på papiret til slutt for å få fin avslutning - og ein liten tape-bit for å feste det saman. Og vipps er rullen ferdig. Slik produserer dei no 150-200 ruller på ein dag.  

 

Drill med spesiallaga krok til rulling av papir
Bjarte i full gong med drillen
Det er allereie produsert mange rullar i dag

Etter at papiret er rulla og teipa saman, må rullane fuktast i voks for å bli lett antennelege. Dette føregår i kjellaren. Her har dei ei stor gryte til dette bruk. Bjarte fortel at han fann denne panna bortgøymt på grendahuset - der ingen brukte den lengre - og då kunne den kome til nytte igjen. Voksen dei brukar er rein parafinvoks kjøpt på nettet - iblanda restar frå stearinlys dei får tak i. 

Rullane ligg i  varm voks i eit halvt minutt, før dei vert tatt opp og lagt til tørk. Så er det å pakke dei i posar ( også kjøpt på nettet). Bestemor Anny har nytta fritida til å dekorere posane. Ifølgje Bjarte ville ho ikkje heilt godkjenne hans teikningar av traktor og liknande på posane.

Desse to har laga slike rullar i omlag 1 1/2 år. Det er ein kjekk hobby som også mange andre får glede av. Det er råd å kjøpe rullane i posar med 30 stk i kvar. Dei er å få kjøpt på butikken på Lavik eller heime hjå Bjarte på Gullbrå. Før jul var det stort sal - då mange nytta dette til julepresangar.

Om nokon har lysestumpar liggjande, er Bjarte også veldig interessert i dei til produksjonen av opptenningsrullane. Slike lysestubbar kan leverast på butikken eller heime hjå Bjarte eller Anny. 

Dekorerte og fyllte posar klar for sal