Årsmelding 2016 - 2017

Av redaktør tir 25.04.2017 - 15:53

Årsmelding for Eksingedalen Bygdaråd 2016-mars 2017

 

Årsmøte for 2015 vart halde 7.april 2016. Etter nye vedtekter frå 2014, har alle folkeregistrerte i Eksingedalen over 16 år møterett og stemmerett ved årsmøte.

Arbeidsstyret har dette året vore slik samansett: Frøydis Gullbrå (leiar), Laila Bolstad, Jon Trefall.

Det har i 2016 vore arbeidd med desse sakene:

Halde fram med følgjande faste saker for bygdarådet:

  • Drift av heimesida Eksingedalen.no.
  • 17-mai: Utval av komité, innkalling til møte, søknad om tilskot. Komiteen har ansvar for gjennomføringa, og å skaffa talar til året etter. Utnemning av 17.mai komité vert gjort i januar/februar, komiteen arbeider sjølvstendig.
    17.mai talar 2016 var Kjell Stokke.
  • Marknadshelg: Fastsetjing av dato og val av komité for marknad annakvart år. Det var marknad 20. august 2016. Komiteen har ansvar for gjennomføringa. Komitémedlemmane arbeider over to marknadar, for å få kontinuitet.
  • TV-aksjonen: Organisering av lag til å ta ansvar for innsamlinga. I 2016 var det  Dølalaget  som fekk ansvaret for innsamlingsaksjonen.
  • Vedlikehald av stølsvegar og Reitlevegen: Søknad om midlar, gjennomføring av tiltak.

 

 

Andre saker 2016:

·         Vegstandard i Eksingedalen

·         Mobilutbygging-Radio DAB

·         Rassikring i Trefallstranda

·         Blomehelsing til nye eksingedøler

·         Innspel til kommunestruktur-debatt

·         Heimebaserte tenester i indre strok

·         Posten – ny aktør for distribusjon

·         Arbeid for å få flyvinge-utstilling til Eksingedalen

 

 

 

 

Om dei enkelte sakene:

Eksingedalen.no

Heimesida har framleis godt omdøme frå omverda, men har etter kvart utdatert rammeverk. Mange nyttar framleis sida for å orientera seg som turistar, og for å følgja med på kva som skjer i Eksingedalen. Sidan all skriving vert gjort på dugnad, kan det innimellom gå litt tid mellom nye saker på sida. Siste året har det også vore god aktivitet med mykje nytt stoff på sidene, og mange har vore innom og lest. For oppdatering av kalenderen er ein avhengig av tilsendte saker frå bygdefolket.

Årsmeldingar og andre meldingar frå Bygdarådet er å finna under eiga fane i hovudmenyen på sida.

Magnar Nese er redaktør for sida, i tillegg er det 4-5 andre som legg inn stoff (Svein, Frøydis, Liv Anne). Dei som gjer arbeid for nettsida har høve til å fakturera timar for arbeidet, dette er ikkje gjort i 2016.

Det er no sett i gong arbeid med å få nettsida over på anna plattform, som mellom anna skal fungere betre på mobile einingar ( mobiltelefon og nettbrett).

 

Stølsvegane:

I 2016 fekk mange stølar i dalen nye informasjonstavler. Bygdarådet ser det som svært viktig at me kan halda fram med vedlikehald av stiane og betala utgifter ved oppvøling. Stiane har stor verdi for både fastbuande og turistar.

 

Mobilutbygging i Eksingedalen

Eksingedalen er eit vanskeleg område å byggja ut alle former for telesamband, både fastlinjer og radiolinjer.  Dalen er nær fem mil lang, og er berre 200-300 meter brei i store delar av dalføret. Det er dette som gjer at det må byggjast mange sendarar for å gje Eksingedalen full mobildekning.

Mobilutbygginga i dalen er no ferdig. Siste nye sendar (Lavik) vart sett i drift i november 2016, slik at no er alle innbyggjarar i dalen dekka med mobilsignal. Bygdarådet har heilt til ferdigstilling etterspurt og purra på framdrift i denne saka.

 

Vegstandard i Eksingedalen

Vegstandarden i store delar av dalen har ei tid vore prega av dårleg vedlikehald. Sist vinter vart ikkje alle ferister tatt opp, og vegen har vore full av holer, djupe hjulspor, utrasing av skulder mm. Etter vedtak på årsmøte i bygdarådet april 2016, vart det sendt brev til Vegvesenet med bekymring over vegen, oppnevning av konkrete spesielle områder med behov for tiltak. I svarbrev frå Vegvesenet v Bente Bergstø finn me om nokre punkt: «Dette er skader som må prioriterast og utbetrast gjennom driftskontrakten ( DK 1206 ) – noko som me vil få utbetra dersom det er økonomi til det på kontrakten.» På det me har skrive om konkrete områder med dårleg asfalt, er svaret: «Desse fem kulepunkta går på asfaltdekke og blir vidaresendt til dekkeseksjon i Statens vegvesen, som vil gjera prioriterer ut frå sine kriterier. Til informasjon så er det store utfordringar på vegnettet generelt, og vi får eit tilmålt budsjett på drift- og vedlikehald, som me må forvalta etter beste evne.»

Det har blitt gjort noko forbetringar på vegdekket i år. Mellom anna har Kvernhusbukta på Bergo fått ny mur og nytt asfalt-dekke. Det er også sett i gong arbeid med å skifte ut stikk-renner /røyr frå Bindingsbø til Høvik.

 

 

Teleutbygginga i Eksingedalen – Fiberløysing

Eksingedalen Bygdaråd har dei siste par åra hatt på programmet at ein skal arbeida for å få fiberkabel fram til alle aktuelle hus i dalen, det som har det internasjonale namnet FTTH (Fiber To The Home).

Fiber fram til alle nett-brukarane vil vera den mest avanserte og framtidsretta kabelløysinga som er mogeleg å få. Dei som har fiberkabel til dømes i Bergen, har får fast-telefon, internett/breiband, fjernsyn og alle formar for streaming-løysingar over ein og same kabel. I praksis må spreiingsnettet som det heiter, koparkablane som går frå telesentralane her i dalen og fram til kvart einskild bustadhus, skiftast ut med fiberkabel. Det som gjer arbeidet med FTTH til eit realistisk mål, er at heile dalen som kjent har stor fiberkabel gjennom heile dalen fram til kvar einskild telesentral.

Eksingedalen Bygdaråd har gjort eit omfattande kartleggingsarbeid mellom anna med å tilpassa alle telefonabonnementa i dalen til dei nye vegadressene. Dette er eit nødvendig grunnlag for at Telenor skal ha eit korrekt utgangspunkt.

Sidan våren 2015 har Telenor hatt det synet at dei ikkje vil utgreia  fiberløysing før utbygginga av mobiltelefon-dekninga i dalen er ferdig. Årsaka er at ei god mobilløysing kan påverka interessa for fiber fram til husa til den einskilde i dalen. Først når mobilutbygginga er ferdig vil Telenor vera open for drøfting om fiber, under føresetnad av at det er gjort eit kartleggingsarbeid som viser interessa for fiberutbygging.

Dersom årsmøtet framleis prioriterar saka, kan det blåsast nytt liv i fiber-arbeidet når mobilutbygginga no er avslutta. Første trinn i arbeidet vert då å kartleggja fiber-interessa hjå kvar einskild husstand i dalen. Neste trinn vert kontaktmøter med Telenor.

Denne saka har ikkje vore arbeidd med i 2016, man har lagt på vent inntil mobilutbygginga var ferdig.

 

DAB signal i Eksingedalen

I august 2016 tok bygdarådet kontakt med NRK for å avklare planer for utbygging av DAB-signal til Eksingedalen. Me fekk der vite at der var DAB dekning langs fv 344, men at enkelte hol kunne førekomme (som me også var kjent med frå tidlegare FM-signal). Der var ikkje planar for meir utbygging. I følgje NRK måtte ein ha glass-antenne i bil for å få inn signala. Dette vart testa ut, antenne montert og me køyrde heile dalen. Det viste seg at der var greie DAB signal frå Eidslandet til Lavik, og enkelte små glimt opp til Fosse, deretter ingenting. Det vart då sendt bekymring til NRK over denne manglande dekninga, både i høve fastbuande, vegfarande og hyttefolk. Same bekymring vart sendt Vaksdal kommune v Willy A Gjesdal. Han tok også sak vidare og fekk dette svaret frå NRK: «Vi har mottatt bekymringsmelding om mangelfull dab-dekning i midtre og øvre deler av Eksingedalen.

Jeg kan bekrefte at vi har startet  prosessen med mål om å forbedre dekningen i nevnte områder innen FM-slukking. Imidlertid er det viktig å påpeke at det er knyttet usikkerhet til tidspunktet for etablering. Vennlig hilsen Petter Hox, Sjef radiodistribusjon».

I mars 2017 er arbeidet godt i gong, og 24.mars 2017 har heile dalen fått DAB dekning. Der har kome inn informasjon om enkelte områder med dårlege signal, mellom anna i Haugen og Yksendalen. NRK er gjort merksam på dette, og me har bede om utbygging også her.

 

Kommunestruktur

 Ved årsmøtet i bygdarådet 7. april 2016 vart kommunestruktur diskutert, det spørsmålet var om me skulle følgje resten av Vaksdal mot Bergen, eller om me skulle arbeide for andre alternativ. Etter diskusjon blir det føretatt røysting og fleirtalet, 30 av 33 stemmer ynskjer å bli en del av Modalen ( i første rekkje Modalen kommune slik den føreligg). Me sende høyringsuttale til Modalen kommune om dette, då me hadde fått dokument derifrå på høyring. Me bad dei ta innspelet vårt med i deira vidare arbeid med kommunereform. Kopi av brev vart også sendt Vaksdal kommune.

Resultatet vart at begge kommunar held fram som før, då rådgjevande folkerøysting i kommunane gav klart fleirtal for å halde fram som før.

 

Heimebaserte tenester i indre strøk

Ved sist årsmøte vart det sett ned ein komitè som skulle utarbeide skriv til kommunen om heimebaserte tenester. Dette var basert på ein del uheldige erfaringar med tenestene. Me ville også synleggjere folk i Eksingedalen sine behov. Brev vart skrive i mai og sendt kommunen via bygdaråds-styret i oktober 2016. Dette resulterte i eit møte med kommunal leiing på pleie og omsorg, kommunalsjef Solrun Hauglum, Einingsleiar heimetenester Anita Sæveid og avdelingsleiar for heimesjukepleie Sigrun Stamnes. Frå Eksingedalen møtte: Ågot Lavik, Liv Anne Bergo, Magnar Nese, Laila Bolstad, Frøydis Gullbrå. Dei kommunale representantane skildra situasjon i heimebaserte tenester, og skisserer kva hjelp ein kan få heime. Hjelpa skal vere basert på behovsprøving, og den er ikkje avhengig av kor du bur i kommunen. Erfaringar brukarar i Eksingedalen sit med står ikkje alltid i stil med det som kommunen uttrykte i møte. Tida framover vil vise om praksis endrar seg til det betre.

 

Rassikring i Trefallstranda

I 2011 vart det av Statens vegvesen lagt fram plan om rassikring i Trefallsstranda, og midlar vart løyvd i 2013/2014. Planen gjekk ut på å leggja vegen ut i vatnet på same måte som det er gjort lenger framme. Grunnforhold i vatnet viste seg å vere dårlege, og prosjektet vart mykje dyrare enn fyrst forutsett. Prosjekt vart lagt på vent, og midlar overført andre vegprosjekt.

Saka vart aktualisert vinteren 2015 då vegen vart stengt i 10 dagar grunna rasfare. I etterkant av dette vart det halde møte mellom kommunen, bygdafolk som vart innestengt, Vegvesenet og Hordaland Fylkeskommune. Tema var mellom anna rassikring i Trefall-stranda.  I møtet  vart det ikkje lova midlar til planlagt utfylling då denne vart svært kostbar ( ca 80 mill) , men dei ville sjå på alternative løysingar for å gjere strekninga sikrare å køyre.

I oktober 2015 vart det halde synfaring i Trefallstranda, der lokale folk deltok saman med representantar frå kommunen og vegvesenet. Det vart semje om å prøve få til utviding av vegbana langs Trefallstranda, med utretting av nokre svingar.

I mai 2016 hald Vegvesenet informasjonsmøte for bygdefolk om konkrete planar for utbetring av vegen, og i september sette dei i gong arbeidet for å utvida vegbana. Arbeidet vart ikkje heilt ferdig før vinteren kom.

Olav Gullbrå er kontaktperson for bygda i denne saka.

 

Posten

Fram til våren 2016 var det Modalen-Eksingedalen Billag som hadde kontrakt for distribusjon av post i Eksingedalen. Frå mai har Posten Norge sjølv hatt utkøyringa. Bygdarådet var i kontakt med Posten for å høyre korleis tenestene var planlagt gjennomført, mellom anna om det framleis var mogleg å få køyrt varer frå butikken med postbilen som tidlegare. Svaret var at dei ville prøve vere fleksible og møte folket sine behov. Butikken vart også informert. Frå våren 2016 omla også posten rutiner for utkøyring av pakker, der pakkepost til Eksingedalen no stort sett blir plassert ved Post-i-Butikk på Mo, og folk får beskjed om å hente det der. Det kan bestillast heimsending av slike pakker, informasjon om korleis gjere det har blitt lagt ut på www.eksingedalen.no i desember 2016.

 

Krigssoge-utstilling til Eksingedalen

Det har blitt arbeidd med å få vandreutstilling om flystyrt ved Kvitanosi under 2. verdskrig til Eksingedalen. Ein nemnd beståande av Asle Nesheim og Kåre Trefall har arbeidd med dette. Det ser ut for at me får utstillinga hit, men det er ikkje klarlagt heilt kor den kan stå.