Kronerulling - Ljosheim treng friske midlar!

Av Liv Anne man 17.02.2020 - 20:35

Grendahuset Ljosheim står framfor store nødvendige utbetringar og påkostnader. Det første er nytt golv, tetting av tak, nye pipeinnsatsar og omnar. Husastyret har søkt tilskot og motteke positivt svar for alt dette. Pipeinnsatsar og omnar inkludert arbeid er 100% finansiert av Stiftelsen UNI.

Det som gjeld golv og tak krev ein god del eigenkapital for å få løyst ut løyvd tilskot. Grendahuset Ljosheim treng no friske midlar til eigenkapital -  for å få utbetalt dei løyvde tilskota og til framtidige investeringar/utbetringar.
 

Årsmøtet vedtok 16.februar 2020 kronerulling med oppstart frå årsmøtedatoen. Kronerullinga er anonym.

Tilskot kan vippsast eller setjast inn på konto.

Kontnummer: 3480 17 52650
Vippsnummer: 582149

Grendahuset Ljoseheim har org.nr 922703108

Styret i Grendahuset Ljosheim frå 16.2.2020 er:

Anna Sveinungsdotter Bergo, leiar

Aud Marit Bergo, kasserar

Sigrid Tyssen, styremedlem

Britt Ingeborg Eide, skrivar

Evelyn Gullbrå, styremedlem

1.vara: Hege Lavik

2.vara: Odd Inge Brønstad

Styret er takksame for alle bidrag, både små og store.