Lagsmeisterskapet har fått ny dato og nytt starttidspunkt.

Av Magnar fre 21.02.2020 - 16:46

Velkommen til Lagsmeisterskap! 

Rennet går i klassisk stil. Tidspunkt: søndag 8. mars klokka 12.00 på Nesheim.

Det blir konkurrert i:  -vanlege klassar, gutar og jenter, kvinner og menn -trim kvinner og menn -miksklasse alle aldrar: For alle som vil gå utan tidtaking, med valfri løypelengd. Du går i mål når du synes du har gått langt nok.

Påmeldingsfrist: renndagen før kl. 11.00, eller til Magnar, tlf. 97588303 eller på epost til magnanes@online.no. Hugs å oppgi fødselsår.

Startkontigent:     born kr. 20,-        vaksne kr. 50,-

Betaling av startkontigent renndagen, kontant, VIPPS eller pr. bank. Hugs å merka betalinga med «startkontigent». Premie til alle som deltek. To ekstrapremiar blir trekt på startnummer.

Løypelengder: (J = jenter, G = gutar)   Aldersklasse    Løypelengde J og G under 7 år    0,5 km J 7, G7, J8, G8    1 km J9, G9, J10, G10,J11,G11    2,5 km J12, G12, J13, G13, J14, G14, J 15, J 16    3 km G15, G16    5 km Trim damer    2,5 km Trim menn    3 km Junior jenter 17-19 år    3 km Junior menn 17-19 år    7,5 km Senior damer    4 km Senior menn    7,5 km Mixklasse    Valfri løypelengd

Premieutdeling og kiosk på Nesheim etter rennet.                             Årets premie. 

Eksingedalen IL, skigruppa