Vaksdalsmeisterskap i langrenn, fri teknikk

Av Magnar man 02.03.2020 - 08:45

Rennet går i fri teknikk. Det blir også køyrt klassisk-spor. Tidspunkt: laurdag 7. mars klokka 13.00 på Nesheim

Det blir konkurrert i:  -vanlege klassar, gutar og jenter, kvinner og menn -trim kvinner og menn -miksklasse alle aldrar: For alle som vil gå utan tidtaking, med valfri løypelengd. Du går i mål når du synes du har gått langt nok.

Påmeldingsfrist: fredag 6. mars kl. 20.00 Startkontigent: kr. 50,- for barn, kr. 100,- for vaksne Påmelding til magnanes@online.no / 97588303 Kontingent kan betalast til kontonr. 3480.16.50734 eller med VIPPS, merk då betaling med «VM friteknikk» Påmelding etter frist mot ei ekstraavgift på kr. 50,-

Det blir premieutdeling og kiosk på Nesheim etter rennet. Eksingedalen IL har Vipps.  

Aldersklasse

Løypelengde

J og G under 7 år

0,5 km

J 7, G7, J8, G8

1 km

J9, G9, J10, G10, J11,G11

2 km

J12, G12, J13, G13, J14, G14, J 15, J 16

3 km

G15, G16

5 km

Trim damer

3 km

Trim menn

4 km

Junior jenter 17-19 år

4 km

Junior menn 17-19 år

10 km

Senior damer

5 km

Senior menn

10 km

Mixklasse

Valfri løypelengd