Vaksdal kommune gjev i dag nye råd til innbyggjarane:

Av Liv Anne ons 11.03.2020 - 17:56

Oppdatert informasjon frå Vaksdal Kommune er å finna her: 

https://www.vaksdal.kommune.no/innhald/helse-sosial-og-omsorg-bustad/korona2/koronarad/

 

Kommunen føl løpande råd frå nasjonale myndigheiter og er i beredskap om det kjem smitta personar til kommunen. 

For å forebyggje og begrense smitte, og verne sårbare grupper vil vi gi nokre råd til innbyggjarane og vi har utarbeidd nokre reglar for våre tilsette.

Vi vil be innbyggjarane våre følgje desse råda: 

  • Lag og organisasjonar må løpande vurdere deltaking på idretts,- og kulturarrangement  og liknande
  • Hald avstand på butikkar, kjøpesenter og liknande. Vi vil og oppfordre butikkar til å gjere dispensarar med desinfeksjonsmiddel tilgjengeleg for kundane.
  • Ved planlegging av større arrangement ber vi arrangørar om å ta omsyn i planlegginga i forhold til råda frå Folkehelseinstituttet. 

Reglar for tilsette - gjeldande frå 12. mars

  • Tilsette skal ikkje delta på kurs og konferansar
  • Leiarar vurderer kva tilsette som har mogelegheit til å ha heimekontor
  • Vi vil sjå på plassering av deltakarar og avvikling av politiske møte

Vi rår ifrå:

  • Møter, samlingar/ konferansar med meir enn 25 – 30 personar. Vi oppfordrar alle til å bruke teams/skype der det er mogeleg.
  • Utanlandsreiser
  • At tilsette er fleire enn tre personar i bil i teneste
  • Foreldremøte, skuleavslutningar og arrangement i barnehagar og liknande våren 2020
  • Å bruke offentlig kommunikasjon på tidspunkt med mange passasjerar

For tilsette i helse og omsorg gjeld det særskilte reglar og rutiner.