Alle må bidra for å hindra smitte

Av Magnar ons 25.03.2020 - 15:25
Mjølkeromsdør sett frå utsida

I utgangspunktet er det viktig å slå fast at tankbilsjåførane har opplæring og kompetanse innan smitteførebyggjande tiltak, ein kompetanse som må dokumenterast før de får hente mjølk.

Som myndighetene legg vekt på, er kampen mot koronaviruset en nasjonal dugnad.

I samråd med fagfolk i TINE er det anbefalt at alle mjølkeprodusentar vasker dørhåndtaket til tankrommet, tankloket og stigen på tanken med såpe og vann både før og etter mjølkehenting. Ikkje legg eigne hansker utenfor fjøset åpent for vær og vind. Vi fraråder å opphalde seg i tankrommet når tankbilsjåføren er der. Ha alltid søppeldunk for sko-overtrekk eingangshanskar etc tilgjengelig.

Dette for å hindre smitte begge vegar mellom sjåfør og bonde.

Også når det gjeld levering av slaktedyr til Nortura er det innført strengare smitteverntiltak. Bonden skal ikkje lenger kvittere på innkøyringsseddel når dyra er levert på dyretransporten. Dette for å unngå at bonde og sjåfør tek på same papir og penn. Då klarar ein å handheve einmetersregelen.

Covid-19 er ein sjukdom som ikkje smittar mellom menneske og dyr. Mjølkeprodusentar er vane med å tenkje smittevern. Dyresjukdommar, som til dømes smittsam diarè, gjer at det alt før pandemien kom var innført tiltak for å hindra smitte å koma inn i fjøsa. Dette er smitte som menneske kan ta med seg frå eit fjøs til eit anna. Difor er det ikkje lov for kven som helst å gå inn i eit fjøs med mjølkekyr. Du må alltid ha avtale med bonde/røktar, og følgje dei reglane for smittevern som du får forklart.