Idrettslaget inviterer til PÅSKEREBUS!

Av Liv Anne fre 03.04.2020 - 19:04
Anna er klar for utkøyring!

Eksingedalen Idrettslag inviterer til påskerebus. Målet er at alle kan delta i ein felles aktivitet, sjølv om ein ikkje kan vera saman denne påska. 

Slik gjer ein det, seier idrettslaget: - Rebusen kan du gjera åleine eller saman med dei du bur med. Aldersgrensa er 0-100 år. Me oppfordrar til å gå  eller sykla til postane, men det er lov å køyra bil til postane som ligg lengst vekke frå der du bur. 

- På kvar post skal du finna fram til ein bokstav og eit bilete. Bokstaven er ein del av eit løysingsord, Ordet set du saman når du har vore på alle postane. Biletet finn du nederst i høgre hjørne på kvar post, noter kva som er på biletet.  - Det er 9 postar totalt, frå Ljosheim på Flatekval til enden av vegen på Gullbrå.  Du skal finna fram til eit løysingsord på 9 bokstavar pluss like mange bilete. 

- Send inn løysingsordet + kva som er alle bileta til Anna på epost: annabergo@hotmail.com, messenger eller sms: 48024522 

Siste frist for å vera med i trekninga er langfredag, kl 20.00. Vinarane hentar premie hjå Hege på butikken på påskeafta.

- Dersom du går saman med nokon i familien, kan de vera med I trekniga alle saman - men, det er viktig at ein har vore på alle postane sjølv.

Alle som har løysingsordet og alle bileta rett er med i trekninga av FRUKTKORG til ein verdi av 400 kr, i tillegg til nokre andre småpremiar.

 

Oversikt over rebuspostane ser du på kartet: