Og det var god bingo

Av Magnar tor 09.04.2020 - 08:48
Fire hjørne: ( på same brettet)

Høyrt hjå båtforhandlar i Bergen:

  • Jeg vil gjerne bytte denne båten jeg kjøpte. Den lekker jo.
  • Det stod jo i annonsen: «Lekker båt til salgs»
Ei vassrett rekkje

Ekspedisjonsnytt:
Så var det mannen som hadde planlagt å kryssa Nordsjøen på ein planke. Det gjekk ikkje, han fann ingen planke som var lang nok.

To rekkjer

Ein mann ringjer på, og når døra blir opna spør han:
- Leikar de gjømsel her?
Overraska over spørsmålet kjem svaret: - Ja, korleis kunne du vita det?
- Det står Finn Olsen på døra.

Tre rekkjer

Jaktnytt: Det er betre å ha elg i skogen enn å ha hjort i buksa.

Fullt brett

Frå ei avis: «Ein bakar er tiltalt for å ha blanda sagerubb i brøda. Kona hans skal også vera innblanda.»

Ekstravitsar:

Ekstravits 1
Samtale:
- Kva heiter du?
- Michelin
- No tullar du, det må vera dekknamnet ditt.

Ekstravits 2
I desse tider: Høyrt om kjøtforedlingsbedrifta som ville bidra og delte ut grisepakke?

Ekstravits 3

Det var på slutten av 1970-talet. Ein av våre nye landsmenn hadde fått seg jobb i ei bedrift. Og han var dyktig i arbeidet sitt. Dette la arbeidsformannen merke til, og fann ut at han måtte skryte litt. Så i ein pause i arbeidet gjekk han bort, klappa mannen på skuldra og sa: - Eg ser du held koken! Det resulterte i at mannen rista på hovudet og sa: - Nai, nai, bale henda i lomma, bale henda i lomma.